Lyden av stein som flyttar seg under vatn
Lars Ove Seljestad har skreve ei ei poetisk-eksistensiell diktsamling med røter i levd liv. Boka følgjer opp den kritikarroste lyrikkdebuten Storspring. Fabrikkdikt, som kom i 2013.
har du høyrt
lyden av stein
som flyttar seg
under vatn
dei seier
du gløymer den
aldri
I årets bok held Seljestad fram den poetiske behandlinga av produksjonsprosessen i ei rekkje skarpe og presise dikt. Samstundes utvidar han perspektivet til også sentrallyriske motiv: livet, naturen, kunsten og døden.
Samlinga inneheld store, sterke og stolte dikt som rører ved kjernen av det å vera til, av det å ha fått eit liv og ein vilje til å prøva ut ulike måtar å skape meining i livet.
DET ER DEN DRAUMEN
(Fritt etter Olav H. Hauge og Sverre Lysgaards sosiologiske klassikar Arbeiderkollektivet)
Det er den draumen me ber på
at noko heilt vanleg skal skje
at vekkarklokka skal ringa
at bilen skal starta
at fabrikkportar skal opna seg
at garderobeskapsdøra skal opna seg
at det teknisk-økonomisk-instrumentelle
rasjonalitetssystemet skal krevja
at arbeidsfolk skal springa
at solidariteten skal gjelda
at me ei arbeidsstund skal glida inn
på ein kollektiv buffer
me alltid har visst um
SMÅ FOLK
små folk
er det alltid nok av
små folk
er dei som bygger bruene
små folk
er dei som andre ler av
små folk
er dei som ryddar vegane
små folk
er utan betydning
små folk
er dei som køyrer bosset
små folk
er dei som blir utnytta
små folk
er dei som vaskar husa
små folk
er dei som blir utbytta
små folk
er dei som blir forelska
små folk
er mine folk
Om Storspring. Fabrikkdikt
Storspring. Fabrikkdikt er Lars Ove Seljestads debut som lyrikar. Dikta handlar om fabrikken og industrien som metafor, men også konkret om skiftarbeidet og sjølve produksjonsprosessen på eit smelteverk, og endeleg handlar diktet om nedlegging og utflagging av industriell produksjon fra Norge. Dette er kraftfulle dikt. Frå første side har Fabrikken stemme, han er personifisert som i eventyr og fablar. Her er eit vell av lyriske virkemiddel og talemåtar frå bibel og epos til skillingsviser og folkelege rim.