Storspring

fabrikkdikt

Velg format

159 kr
På lager
ISBN
9788203355493
  • Papirbøker sendes innen 2 virkedager
  • Ebøker kan sendes til Kindle
Lars Ove Seljestad har eit betydeleg prosaforfattarskap som starta med romanen "Blind" i 2005. "Storspring. Fabrikkdikt" er hans debut som lyrikar. Dikta handlar om fabrikken og industrien som metafor, men også konkret om skiftarbeidet og sjølve produksjonsprosessen på eit smelteverk, og endeleg handlar diktet om nedlegging og utflagging av industriell produksjon fra Norge.
Dette er kraftfulle dikt. Frå første side har Fabrikken stemme, han er personifisert som i eventyr og fablar. Her er eit vell av lyriske virkemiddel og talemåtar frå bibel og epos til skillingsviser og folkelege rim. "... bokas første avdeling - Nattskift - (går) inn i en avdeling med bibelspråk, folkediktning og mytologi som er noe av det beste jeg har lest om fabrikkliv på norsk."
Tom Egil Hverven, Klassekampen

"Seljestad gir altså fabrikken liv (...) Denne besjelingen fungerer godt. Den viser hvordan fabrikken gjennomsyrer arbeiderens liv, den fyller kroppen, deler opp tiden. Fabrikken er altoppslukende, den er skjebne, identititet, liv og død."
Marit Grøtta, NRK P2

"Dette er ei fin og overtydande samling med fabrikkdikt, som han kallar dei. (...) Seljestad har eit stort lyrisk register å spele på. Han går frå ei naiv og øm besjeling til like sjølvsagt å skildre dei harde fabrikkprosessane, nøytralt og distansert, og leikar fram klangane i ord som karbid, koks og cyanamid. Det er arbeidets og materiens poesi."
Bergens Tidende, Sindre Ekrheim

" 'Storspring' er ei umåtelig viktig bok."
Jan Gravdal, Jangen's blogg

" 'Fabrikkdikt' - den første diktboka hans - er ikkje bare vakker og konsistent, ho er eit kraftløft for arbeidarpoesien."
Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

"Lars Ove Seljestad skriver melankolsk industriell poesi fra en generasjon som i hovedsak vokste opp utenfor fabrikkportene. (...) Med 'Storspring' har Lars Ove Seljestad levert nok et bråkete, osende og glødende bidrag til Oddas annaler."
Cornelius Jakhelln, Morgenbladet

Vis info om boka Skjul info om boka

Nivå Voksen
Utgitt 2013
ISBN 9788203355493
Format Ebok
Språk Nynorsk
Salgsdato 07.06.2013
Emne Skjønnlitteratur Lyrikk
Lars Ove Seljestad

Lars Ove Seljestad

Lars Ove Seljestad (f. 1961) er utdanna sosiolog og er ei av dei viktigaste røystene i norsk samtidslitteratur. Han brakdebuterte med romanen Blind (2005) som sette omgrepet «klassereise» på dagsorden i den norske offentlegheita. Sidan har han skrive seks romanar og ei essaysamling. I 2013 debuterte Seljestad som lyrikar med Storspring. Fabrikkdikt, som fekk lysande meldingar. Les mer

Artikler

Lyden av stein som flyttar seg under vatn

Lars Ove Seljestad har skreve ei ei poetisk-eksistensiell diktsamling med røter i levd liv. Boka følgjer opp den kritikarroste lyrikkdebuten Storspring. Fabrikkdikt, som kom i 2013.
Les mer