Helge Torvund

Helge Torvund

Helge Torvund (f. 1951) er frå Jæren og er utdanna psykolog. Han debuterte i 1977 med diktsamlinga "Hendene i byen" og har sidan gitt ut over tjue diktsamlingar. I tillegg har han skrive barnebøker og essay.

Hans fyrste bok på Aschehoug var "Alabama?" i 2011 (dikt). I 2016 kom samlinga "Alt brenner". Samlinga fekk uvanleg stor merksemd, godt sal og strålande meldingar. I 2018 kom "Tidslys" og i 2020 kom "Liljevilje".

Helge Torvund har mellom anna motteke Hartvig Kirans minnepris (1982), Nynorsk litteraturpris (1990), Samlagsprisen (1996), Rogaland Mållags pris og Herman Wildenveys poesipris (2016).
Han er kjend som Twitter-poeten fordi han dagleg legg ut dikt på sosiale medier.
Torvund er også diktlærar i Diktkammeret.