Opnar døra i språket og går ut

dikt

Velg format

Tilbudspris 227 kr Før 259 kr
På lager
ISBN
9788203395871
  • Papirbøker sendes innen 2 virkedager
  • Ebøker kan sendes til Kindle
Ein eldre mann opnar døra der han bur ved havet og trår ut på trappa, ut i språket og i lufta som dirrar av lys og lukter. Kvar dag betraktar han verda rundt, kjenner at livet er godt, men slett ikkje ei sjølvfølgje. Ikkje lenger.

Noko tenkjer du med språk, anna berre opplever du med ordlaust medvit. Nokre livserfaringar set du ord på, medan nokre vert verande utanfor språket, saman med rådyra og furutrea, elvevatnet og marehalmen.

«Helge Torvund skriver tankevekkende og inspirerende og han er utvilsomt ei musikalsk sjel (...) Helge Torvund har mye å fortelle mange.» Tor Hammerø, Nettavisen (Terningkast 5)

Vis info om boka Skjul info om boka

Nivå Voksen
Utgitt 2023
ISBN 9788203395871
Format Ebok
Språk Nynorsk
Salgsdato 18.01.2023
Emne Skjønnlitteratur Lyrikk
Helge Torvund

Helge Torvund

Helge Torvund (f. 1951) er frå Jæren og er utdanna psykolog. Han debuterte i 1977 med diktsamlinga Hendene i byen og har sidan gitt ut over tjue diktsamlingar. I tillegg har han skrive barnebøker og essay.

Hans fyrste bok på Aschehoug var Alabama? i 2011. I 2016 kom samlinga Alt brenner, og fekk uvanleg stor merksemd, godt sal og strålande meldingar. I 2018 kom Tidslys og i 2020 kom Liljevilje.

Helge Torvund har mellom anna motteke Hartvig Kirans minnepris (1982), Nynorsk litteraturpris (1990), Samlagsprisen (1996), Rogaland Mållags pris og Herman Wildenveys poesipris (2016).
Torvund er også diktlærar i Diktkammeret. Les mer