Foto: Morten Brun

To jærpoeter – hundre år

Dette bokprosjektet tok til alt for 25 år sidan. Mot slutten av arbeidet med diktsamlinga «Kitty K.» i år 2000, skreiv eg eit dikt som skilte seg ut frå dei andre. Det var eit dikt om Arne Garborg på Knudaheio.

Eg vart invitert til å lesa diktet på opninga av ei stor kunstutstilling i regi av Bryne Kunstforening og Garborg-jubileet i 2001.
I 2024 kom ein liknande invitasjon, om eg kunne skrive eit nytt dikt som på same måten tok utgangs-punkt i Garborg og kunne lesast opp på opninga av ei ny stor utstilling. Ut frå arbeidet med desse to dikta fekk eg ideen om å laga ei heil diktsamling basert på sampling av prosatekstane til Arne Garborg.

Når eg publiserer desse dikta, er det eit mål å løfta fram skrivekunsten til Garborg og gjera fleire merksame på dei mange språklege høgdepunkta som finst i prosatekstane. Håpet er at prosautdraga vert ståande som sjølvstendige dikt med poetisk kraft.

På sitt vis er det ein demonstrasjon av korleis det at eg gjer noko med Garborg-tekstar er eit prov på at tekstane hans gjer noko med meg. Hans partitur får klinga gjennom mi lyre. Arbeidet med dette bokprosjektet har auka min respekt for Arne Garborg som person og  forfattar. For ein poetisk glød han kunne ha! For ein innsikt i sjeleliv og menneskelagnadar!

KUSYMRE PÅ LABRÅTEN

Hulda har teke med seg kusymre
frå Jæren og hit.
Nå står dei her og blømer bleike
med fine draumar
som alterlys.

Helge Torvund

Helge Torvund

Helge Torvund (f. 1951) er frå Jæren og er utdanna psykolog. Han debuterte i 1977 med diktsamlinga Hendene i byen og har sidan gitt ut over tjue diktsamlingar. I tillegg har han skrive barnebøker og essay.

Hans fyrste bok på Aschehoug var Alabama? i 2011. I 2016 kom samlinga Alt brenner, og fekk uvanleg stor merksemd, godt sal og strålande meldingar. I 2018 kom Tidslys og i 2020 kom Liljevilje.

Helge Torvund har mellom anna motteke Hartvig Kirans minnepris (1982), Nynorsk litteraturpris (1990), Samlagsprisen (1996), Rogaland Mållags pris og Herman Wildenveys poesipris (2016).
Torvund er også diktlærar i Diktkammeret.
Les mer