Der hegre stig
glimt av Garborg : skrifter i sampling : dikt
I denne boka finn det stad eit møte mellom Arne Garborg og Helge Torvund.
Med nøyaktig hundre års mellomrom vart desse to poetane fødde på Jæren, og i denne boka viser Torvund korleis det å lesa Garborg har påverka og endra han, og korleis han på si side gjengjelder dette ved å endra og omskapa utdrag, brokkar og fragment frå Garborg sine dagbøker, brev, forteljingar og romanar i form av dikt. Språket i diktene er modernisert, oppsettet er endra, men den som leiter i originalskriftene vil finna att mykje der. Torvund har laga sjølvstendige, nåtidige dikt som samstundes tek vare på noko av essensen i Garborg sin poetikk. Der hegre stig er en samling vakre, ville, vridde og varierte dikt.
«Helge Torvund får eit grep om Arne Garborg som sistnemnde aldri kan få. (...) den spesielle skrivesituasjonen gjer at lesaren ikkje heilt stolar på vurderingsevnene sine. Berre det tykkjer eg er interessant og tankevekkjande.» Kjetil Berthelsen, Dag og Tid

Vis info om boka Skjul info om boka
Nivå | Voksen |
---|---|
Sider | 104 |
Utgitt | 2025 |
ISBN | 9788203457432 |
Format | |
Språk | Nynorsk |
Salgsdato | 20.08.2025 |
Emne | Skjønnlitteratur |