Om Snu deg. Edvins bok.

Da sonen min døydde, seks år og ti månader gammal, visste eg at eg måtte skrive om kva som hende med oss. Og kva som hadde hendt med han. Eg måtte skrive for å dokumentere og for betre å forstå. Sorga, viss ein kan kalle det det frå starten, da situasjonen var sjokkarta og full av adrenalin, seiv sakte innover i systemet, inn i blodet, i kvar del av hjernen, inn i skjelettet.

«Noen bøker slår inn i deg. Som når en mor skriver om det aller verste som kan skje, å miste et barn.» 
– Guri Hjeltnes, VG

  1. Snu deg
    Snu deg
    Lydbok (nedlastbar)
    189 kr

Ettersom tida gjekk forstod eg gradvis kva døden hans betydde, at guten min var borte og at eg aldri ville møte han igjen. Erkjenninga var som å synke. Først til eit undersjøisk platå. Så sank eg enda lengre ned. Sorga var fysisk vond, ein smerte som sat i brystet og magen.

Døden kom så brått og uventa, vi fekk inga tid til å forberede oss. Heile sommaren hadde eg vore på hytta med ungane, mens mannen min var i byen og pussa opp leilegheita vår. Edvin skulle fylle sju år om berre eit par månader og meinte eg måtte finne ei gåve til han snart. Han gledde seg. Så ein kveld da han sat og åt kveldsmat med systera, fekk han vondt i hovudet, og berre nokre timar seinare var han død. Årsaka var ei uventa hjernebløding. Vi fekk det ikkje til å stemme. Han skulle jo fylle sju år i oktober. Han var heilt frisk.

Tre dagar etter at han døydde, skreiv eg i dagboka: «Edvin er død. Vi er i live. Vi vil ikkje døy». Seinare, da vissheita om at døden hans var endeleg, da eg forstod kor mykje vi hadde mista, vart vilja mi til å leve uklår. Å bevege seg gjennom den grå og kalde vinteren var som å gå i eit myrlandskap, skoddefylt, uklårt og seigt, kvart skritt tungt å trakke framover. Iblant vart det klårare, eg hadde fast grunn under beina, eg kunne sjå eit glimt av sola. Så var tåka og myra der igjen, og eg såg ikkje meir enn eit skritt eller to framfor meg.

Boka «Snu deg» er skriven i kaoset og den rå sorga. Det var viktig for meg at boka skulle vere sann. Ikkje kunstferdig, ikkje altfor vakker eller forseggjort, og med ein struktur som spegla det indre kaoset vårt. Da Edvin døydde, gjekk tida sund. Tida, som før var ei slags linje som førte oss framover frå hending til hending, var nå krølla saman til ein knute, der fortid, nåtid og framtid var på same stad. Alt i liva våre endra seg. Barndommen min, mine ni år som mamma, framtida vår, alt var forandra nå som Edvin ikkje lenger var med. Og kva hadde eg å trøyste meg med, eg som ikkje trur verken på Gud eller magi?

Eg fann ei viss trøyst i at eg ikkje var åleine om å miste eit barn. Eg fann vegen til dei greske mytane, om Orfeus og Evrydike, om Demeter og dottera Persefone, og den norrøne myta om den vakre og høgt elska guden Balder, som blir drepen og kjem til Hel. I fleire tusen år har menneska som har mista ein dei elska slitt med den same avmektigheita og desperasjonen: Korleis få attende den som er død og på den andre sida? Nokre dreg for å hente dei opp igjen, men som desse mytane viser, går det (nesten) aldri. Eg fann trøyst i å lese og lytte til dei som hadde mista barn tidlegare, fordi det gav meg ei viss formeining om kva som venta meg i framtida, og at det ville komme lysare dagar, trass alt.

«Snu deg» er skriven i løpet av det første året utan Edvin. Nå er det eitt og eitt halvt år sidan han døydde.

«Noen bøker slår inn i deg. Som når en mor skriver om det aller verste som kan skje, å miste et barn.» 
– Guri Hjeltnes, VG, terningkast 5

«mektig, hjerteskjærende, varm, klok, opprivende og tankevekkende [...] 'Snu deg' er en rystende, knusende bok, skrevet for alle som noen gang har elsket.»
– Preben Jordal, Aftenposten
  
«Nært rystende og vakkert om å miste et barn.»
– Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende, 5 hjerter
 
«Den store styrken til Snu deg er at den artikulerer den kaotiske, ufiltrerte sorgen fra det første sjokket og inn i den matte hverdagen, slik Tungen opplevde den, samtidig som den også løfter blikket og reflekterer over hva et barns død gjør med de som sitter igjen, og ikke minst hva en sørgende trenger.»
– Ulla Svalheim, Vårt Land

«Therese Tungens klagesang over tapet av sønnen Edvin er blitt et unikt dokument om sorg. (...) Teksten beveger seg med mot og utholdenhet. (...) Therese Tungen har en særegen sans for detaljer, samtidig som hun i boka er i stand til å løfte blikket.»
– Tom Egil Hverven, Klassekampen

«Viktig om sorg, storslått om kjærlighet. 'Snu deg. Edvins bok' etterlater leseren med en dyp følelse av kjærlighet. (...) Her lykkes forfatteren i å skrive utvungent om noe virkelig stort.»
– Jonas Hansen Meyer, NRK

Therese Tungen

Therese Tungen

Therese Tungen (fødd i 1977) kjem frå Kvam i Gudbrandsdalen og bur i Oslo. Ho jobbar som forlagsredaktør i Samlaget, og har vore litteraturanmeldar i Morgenbladet og Klassekampen. Ho har gått på forfattarstudiet i Bø og på Aschehougs forfattarskule.
Tungen debuterte i 2017 med novellesamlinga EIN GONG VAR DEI ULVAR. Boka fekk strålande mottaking, og ble nominert til Ungdommens kritikerpris.

Therese Tungen vart tildelt Aschehougs debutantstipend for 2017, og i 2018 fekk ho Bjørnsonstipendet. I 2019 utkom hennar andre novellesamling, KJÆRLEIK OG DET SOM LIKNAR. Den fekk glimrande kritikkar og vart nominert til EUs litteraturpris 2020. Våren 2022 kjem boka SNU DEG: EDVINS BOK.
Les mer