Bla i boken

Snu deg

Edvins bok

Velg format

Tilbudspris 297 kr Før 339 kr
På lager
ISBN
9788203378812
  • Papirbøker sendes innen 2 virkedager
  • Ebøker kan sendes til Kindle
«Dette blir ein annleis sommar», sa ho til ungane sine. Dei dro til fjellet mens mannen vart i byen for å bygge om leilegheita. Sonen Edvin skulle fylle sju etter sommaren, og gledde seg til å få sitt eige rom. To dager før dei skulle dra frå hytta, fekk Edvin vondt i hovudet. Nokre timar seinare var han død.

Attende står ein rådlaus familie. Kva skjedde egentlig med Edvin? Kor er han no, og korleis kan dei leve vidare på ein god måte etter dette?
Snu deg er skriven av ei mor som prøver å finne fram i kaoset gjennom året etter at sonen døydde, og eit forsøk på å skrive Edvin fram.

«Edvin var ein gut som levde i augeblikket. Han gledde seg til bursdagen sin. Han var ein livsnytar. Vi leiter etter mønster i fortida, som om det som hende Edvin var forutbestemt, som om det låg der heile tida. Som om tilfeldigheiter ikkje finst.»

Vis info om boka Skjul info om boka

Nivå Voksen
Utgitt 2022
ISBN 9788203378812
Format Lydbok (nedlastbar)
Språk Nynorsk
Salgsdato 10.02.2022
Emne Døden Familie Biografisk litteratur Sorg Lydbøker Romaner Skjønnlitteratur
Lest av Silje Breivik
Therese Tungen

Therese Tungen

Therese Tungen (fødd i 1977) kjem frå Kvam i Gudbrandsdalen og bur i Oslo. Ho jobbar som forlagsredaktør i Samlaget, og har vore litteraturanmeldar i Morgenbladet og Klassekampen. Ho har gått på forfattarstudiet i Bø og på Aschehougs forfattarskule.
Tungen debuterte i 2017 med novellesamlinga EIN GONG VAR DEI ULVAR. Boka fekk strålande mottaking, og ble nominert til Ungdommens kritikerpris.

Therese Tungen vart tildelt Aschehougs debutantstipend for 2017, og i 2018 fekk ho Bjørnsonstipendet. I 2019 utkom hennar andre novellesamling, KJÆRLEIK OG DET SOM LIKNAR. Den fekk glimrande kritikkar og vart nominert til EUs litteraturpris 2020. Våren 2022 kjem boka SNU DEG: EDVINS BOK. Les mer

Artikler

Kjærleik og det som liknar

Ønsket om nærleik til andre kan vere både ei vakker og destruktiv kraft. I Kjærleik og det som liknar skriv Therese Tungen om desse eldgamle tema.
Les mer

Møt Therese Tungen

Therese Tungen er forlagsredaktør på Samlaget, debuterte med novellesamlinga Ein gong var dei ulvar. No er ho aktuell med ny bok.
Les mer

Aschehoug debutantstipend til Therese Tungen

I Ein gong var dei ulvar skriv Therese Tungen om kva som skjer når uventa ting skjer. Korleis skal ein fortsetje når alt rundt ein endrar form?
Les mer