Foto: Pernille Blåfjell Walvik
Aschehoug debutantstipend til Therese Tungen
Tungen skriv om menneske som på ulike vis møter noko nytt og ukjent i liva sine i novellesamlinga Ein gong var dei ulvar. Ho utforskar kva som skjer når uventa ting skjer i livene til folk. Korleis skal ein fortsette når alt rundt ein endrar form? Kva gjer til dømes tre ungar åleine i ei leiligheit midt i jula, mor er borte og straumen forsvinn?
Tungen debuterte i februar 2017 med novellesamlinga Ein gong var dei ulvar. Ei stilsikker samling med seks noveller som viser eit breitt register.
Den første novella, Flaumen, startar slik: «Det hadde regna og tora i ti dagar. Husa rundt hans stod tome og mørke, og fukta la seg som eit lag på huda og gjorde det tungt å puste.» Denne uroa vi finn her pregar heile samlinga.
Novellesamlinga er ført i eit medrivande og sikkert språk, med karakterar som får eige liv og som raskt tar grep om lesaren.
Ein gong var dei ulvar var óg nominert til Ungdommens kritikerpris 2017.
Anmeldelser
«Styrken i Tungens noveller ligger … i at de sprenger rammene for den sosialrealistiske sjangeren. (…) Den er godt skrevet, modig og original, … .»
Live Lundh, Vårt Land
«Denne debuten er gjennomgående stilsikker (…) Therese Tungen skildrer oppløsningen med stor sans for både groteske detaljer og smart symbolikk.»
Ingunn Økland, Aftenposten
«Disse novellene er et velkomment, voksent og stilsikkert bidrag til norsk novellekunst. Et par av dem er på høyde med våre aller beste.»
Janneken Øverland, Klassekampen
VG Hamar Arbeiderblad Adresseavisen Stavanger Aftenblad Trønder-Avisa