Veit du kva du skal gjere om du går deg vill i skogen? Sett deg ned, og rop.

Det er etter alt å døme eit godt råd – eg har i alle fall ingen betre å kome med – men det kan jo hende at spørsmålet på eitt eller anna tidspunkt melder seg: Kva om ingen høyrer deg?

Skrive av: Maria Horvei, redaktør oversatt skjønnlitteratur

«For en forfatter! Hjerteskjærende godt fra et Amerika på randen.»
Cathrine Krøger
Dagbladet 

«Stort krimtalent! Med andreboken viser Liz Moore hvorfor hun er en av de beste og mest interessante krimforfatterne for øyeblikket.»
Elin Brend Bjørhei
VG

I fjor sommar las eg Liz Moores nyaste thriller Guden over skogene for fyrste gong. Boka utspeler seg kring ein sommarleir langt oppe i delstaten New York, der to barn forsvinn med meir enn eit tiårs mellomrom: Bror og søster i den søkkrike Van Laar-familien, eigarar av leiren og av løyndommar som på ingen måte toler dagslys.

I tillegg til at eg byrja å tenke ein god del på overlevingsstrategi i tilfelle ein dårleg planlagt skogstur under lesinga, tenkte eg mykje på dette: Liz Moore er openbert ein av USAs aller beste thrillerforfattarar. Hennar førre bok Lang lysende elv vart ein internasjonal bestseljar – i høgste grad også i Noreg – og er på veg til å bli lansert som miniserie med Amanda Seyfried i hovudrolla. Guden over skogene var éi av fjorårets aller mest populære bøker, både blant lesarar (Barack Obama inkludert) og kritikarar (New York Times’ representant utropte det til årets beste thriller).

Og eg skriv meir enn gjerne under på kor oppslukande og briljant denne boka er – ho er typen bok du skundar deg opp av sjøen for å fortsette å lese i strandstolen, der du vert liggande til du er god og solbrend. Så spørsmålet eg vert gåande å grunne på var: Kva er det som gjer Liz Moore så god?

Svaret eg har landa på, er rett og slett Kvalitet i Alle Ledd. Bokas handling utspeler seg i eit miljø så godt og presist skildra at det nesten er så du kjenner leiruniformen på kroppen når du les. Kompleksiteten i forsvinningssaka, og stabelen av løyndommar, veks i eit tempo som gjer lesinga meir og meir medrivande, utan at du mistar oversikten, eller vert introdusert for menneske du ikkje bryr deg om. Det sosiale bakteppet, der mektige rikmannsfamiliar vert stilt opp mot eit hardt prøvd lokalsamfunn, gjev tekstur og tyggemotstand. Og ikkje minst: Når siste side er lest, er det ingen – ingen – lause trådar til overs.

Thrillersjangeren er eit enormt krevjande terreng å bevege seg i, fordi lesarane forventar at forfattaren skal greie noko nærmast umogleg: Å heile tida være spanande, å heile tida overraske, å heile tida dra det så langt som mogleg, men på ein måte du som lesar trur på. Liz Moore kjenner dette terrenget som si eiga bukselomme. Ho går seg aldri vill – men det er mogleg ho vil få deg til å rope.

Liz Moore

Liz Moore

Liz Moore (f. 1983) fikk sitt store gjennombrudd som forfatter med thrilleren Lang lysende elv (2021), som ble en internasjonal bestselger. Hun er utdannet ved Hunter University og underviser masterstudenter i kreativ skriving på Temple University. Guden over skogene er hennes andre roman på norsk.
Les mer

Moltemyra er en hyllest til arbeidsfolket

Jeg ble umiddelbart interessert i Moltemyra.

Jeg skrev om å føle seg fanget i et liv man har skapt selv

Jeg visste at jeg ville skrive om en kantete og kaotisk kvinne som tidvis angret på at hun fikk barn.