Foto: Helene Spanthus

Hun har alt du kan håpe å finne hos en forfatter

I forordet til den norske utgåva av Helen Garners Bach for barn skriv forfattar Geir Gulliksen: «Hvis du ikke har lest Helen Garner før og lurer på hvorfor du skal gjøre det, er dette et forslag til svar: Hun har alt du kan håpe å finne hos en forfatter.»

Skrevet av: Maria Horvei, redaktør oversatt skjønnlitteratur

Kan eg som redaktør seie det betre, klarare, meir inntrengande? Nei, det trur eg ikkje. Om du no, som eg håpar at du vil, byrjar med å lese Bach for barn, kan eg seie at denne vesle romanen rommar uendeleg mykje meir enn eg torte å håpe å finne i ei forteljing om ein ung familie i Melbourne på 1980-talet.

Athena og Dexter er gift og dei elskar kvarandre. Dei har to søner. Athena speler piano på kjøkkenet og Dexter opptrer som om det beskjedne livet dei lever er ei stor og vidunderleg scene. Så ein dag støyter han inn i Elizabeth, ei gamal studievenninne, på flyplassen. Litt etter litt filtrar desse menneskas liv seg inn i kvarandre  – Elizabeth med ei veslesyster og ein upåliteleg kjærast på slep, Athena og Dexter med sine lengslar og håp, som viser seg å vere villare, og meir ulike, enn nokon av dei fyrst trudde. Mot slutten av boka er liva deira mindre ei scene, og meir ein arena for ein kamp mellom kjernefamiliens lovnader om tryggleik og omsorg på den eine sida, og enkeltmenneskets trong til personleg og seksuell fridom på den andre.

Sjølv plukka eg opp Helen Garner for fyrste gong for eit års tid sidan. Eg var på veg heim frå ei jobbreise, og til flyturen ville eg lese noko som ikkje var jobb. Ein engelskspråkleg roman frå 1984, av ein forfattar eg ikkje kjende til, hylla som eit lite, moderne meisterverk? Jo takk, den boka tok eg meg frå bokhandelen, den skulle eg lese, utan å tenke på moglegheitene for omsetting til norsk, på økonomiske kalkylar eller potensiell målgruppe. Eg las, kort sagt, berre for meg sjølv.

Spol fram to veker, og eg har knapt snakka om anna enn Helen Garner. Alle som ville, og ein del som ikkje hadde noko val, fekk høyre om denne vesle, mirakuløse romanen. Eg snakka om romanhandverket – det er utsøkt, det er nesten usynleg, det er utruleg korleis ein forfattar kan drive fram eit eksistensielt drama gjennom så underspelte verkemiddel. Eg kalla det ein perfekt roman, eg seier det er som å lese ei Viriginia Woolf redigert av ei Claire Keegan. Til slutt spør ein kollega: Kva var grunnen til at denne boka ikkje skal omsettast, igjen?

Det var ingen grunn, og no føreligg Bach for barn på norsk, i Kirsti Vogts fine omsetting. Boka kom fyrst ut i Australia i 1984, men som designar Eivind Stoud Platou sa til meg under prosessen med å skape det norske omslaget: Dette er ein roman som berre er éin smarttelefon unna å kunne vore skrive i dag. Dei siste åra er Bach for barn då også gitt ut på ny i ei rekke land – og eg håpar innstendig du vert ein av dei nye lesarane.

Helen Garner

Helen Garner

Helen Garner (f. 1942) er anerkjent som en av Australias største nålevende forfattere. I tillegg til romaner skriver hun journalistikk, essays, noveller og manus for film og tv.
Les mer