Foto: Johannes Foslund

Ein moderne og alternativ legeroman

“Du vil kjenne eit lite stikk” er ein slags moderne og alternativ legeroman, der eg forsøkjer å skildre korleis det eigentleg kjennest på innsida av den kvite frakken.

Eg er sjølv utdanna lege, og har gjennom studier og turnustid skrive små tekstar inspirert av det eg og kollegaer har opplevd. Det er ei kjend sanning at turnuslegar gret på vakt, at stadig fleire hoppar av i det offentlege helsevesenet og at legar tidlegare hadde høgare sjølvmordsrisiko enn andre. Romanen vart påbyrja lenge før #leger må leve-oppropet, og intensjonen var aldri å skrive noko politisk eller hardtslåande om legars arbeidsforhold. Boka kan likevel lesast som eit innlegg i ein framleis høgaktuell debatt der ei ung og nyutdanna kvinne møter ein paternalistisk og maskulin tradisjon. Eg ønskjer å vise fram eit meir meir realistisk og oppdatert bilete av legen, og kva som skjer når medisinsk usikkerheit glir over i destruktiv utryggheit. Eg har forsøkt å setje ord på den sårbarheita som så mange skjuler og skammar seg over, og kanskje kan det å skrive om dette gjere lange nattevakter hakket mindre einsame.

Dette er likevel ikkje ei gjennomgåande alvorstung bok atterhaldt folk med stetoskop. Eg vil opne opp tausheitbelagte korridorar og vise fram alt det fascinerande som stadig skjer på sjukehus. Som lege kjem ein aller tettast innpå heilt framande folk, og i desse menneskemøtene ligg både den største gåva og utfordringa ved jobben vår. Her er absurde, dramatiske, ufrivilleg komiske og magiske situasjonar som andre sjeldan får innblikk i, men som til sjuande og sist handlar om ulike nyansar ved det å vere menneske.

God lesing!

Beste helsing Ingvild Skølt.

Ingvild Skølt

Ingvild Skølt

Ingvild Skølt (f. 1991) er lege frå Hemsedal, men bur og arbeider i Honningsvåg. Du vil kjenne eit lite stikk er hennar debut som forfattar.
Les mer

Dette må jeg skrive om

"Hvor desperate må man være for å velge vekk sitt eget barn?" Martin Tilrem forteller om arbeidet med debuten "Et jentebarn"

Johan Mjønes om arbeidet med Spuria

Når jeg nå har skrevet romanen Spuria, tenkte jeg kort å fortelle hvordan romanideen kom til meg.

Strålende mottakelse av Tua

«(...) jeg rives med av nysgjerrighet på hvordan det går med den enkelte.», skriver Vigdis Moe Skarstein i Adresseavisen, og triller terningkast 5