Verdensforundra

Velg format

299 kr
På lager
ISBN
9788203465666
  • Papirbøker sendes innen 2 virkedager
  • Ebøker kan sendes til Kindle
«I angen av grønsåpe
I lyset filtrert av junigrønt lauv
ser eg på dei
tomme hendende
Midt i alt dette
kvardagsleg
velkjente»

Det er 50 år sidan Helge Torvund debuterte med diktsamlinga Hendene i byen.

I årets bok, Verdensforundra, finn me mange av dei torvundske ingrediensane me kjenner frå før: ein lun humor, gripande naturopplevingar, merksemda som fokuserer på det som er vakkert og det som kan gje håp, det som skapar undring og forundring. Diktsamlinga tek oss med gjennom dei fire årstidene. Kvardagen med sine gleder og utfordringar, sjukdom og uro, er aldri langt vekke, sjølv om poeten òg finn lyspunkt og løft gjennom kunst, minne, litteratur og i skaparverket som alltid omgir oss.

Sjølv dei mørkaste dagane kan få ein lysare himmel over seg når Torvund innlemmar dei i den dimensjonen der kjelda til dikt og bøner, smil og lys finst.

Vis info om boka Skjul info om boka

Nivå Voksen
ISBN 9788203465666
Format Ebok
Språk Bokmål
Emne Skjønnlitteratur
Helge Torvund

Helge Torvund

Helge Torvund (f. 1951) er frå Jæren og er utdanna psykolog. Han debuterte i 1977 med diktsamlinga Hendene i byen og har sidan gitt ut over tjue diktsamlingar. I tillegg har han skrive barnebøker og essay.

Hans fyrste bok på Aschehoug var Alabama? i 2011. I 2016 kom samlinga Alt brenner, og fekk uvanleg stor merksemd, godt sal og strålande meldingar. I 2018 kom Tidslys og i 2020 kom Liljevilje.

Helge Torvund har mellom anna motteke Hartvig Kirans minnepris (1982), Nynorsk litteraturpris (1990), Samlagsprisen (1996), Rogaland Mållags pris og Herman Wildenveys poesipris (2016).
Torvund er også diktlærar i Diktkammeret. Les mer
test test

Artikler

To jærpoeter – hundre år

Dette bokprosjektet tok til alt for 25 år sidan.
Les mer