
Foto: Agnete Brun
Clara og meg
Då eg byrja skrive om Clara Lofthus, var litt av motivasjonen å skrive om tilsynelatande vanlege folk og deira liv. Dette med tilsynelatande er viktig. Clara Lofthus verkar nokså vanleg. Privilegert og dyktig, men vanleg. Ho har to barn, ho har arbeid, ho er ein skarpskodd jurist, ho har ein god jobb, alt på stell. Men hemmelegheitene hennar går utanpå andre sine, og ho er ein person som ikkje vik for vanleg kutyme eller moral.
Ytre sett har Clara og eg ein del fellesnemnarar: me kjem begge frå ein gard på Vestlandet. Ho jobbar i Justisdepartementet, eg har jobba i Samferdselsdepartementet. Til overmål har ho tvillingsøner, slik eg sjølv har. Svaret på kvifor eg let også henne ha tvillingsøner, i tillegg til at det er mykje ved tvillingdynamikken som interesserer meg, er nok berre at det er noko eg kjenner, noko eg føler eg «kan». Samstundes lar eg Clara ting eg aldri ville gjort, og det ligg stor friheit i det.
Eg trur mange i mørke stunder kan ha tenkt tanken om å ta livet av til dømes ein partner eller ein ektefelle ein er frykteleg frustrert over, men dei fleste gjer det heldigvis ikkje. Mange drøymer nok om å heve seg over foreldremøte, verv, dugnader, husarbeid, det hamsterhjulet av små og store oppgåver eit familieliv inneheld, men dei færraste gjer det. Clara gjer det. Ho er oppteken av det ho er oppteken av, som gjerne ikkje er dei næraste, og gir litt blaffen i alt anna. Dessutan er ho herleg fri for både sosialt samvit og andre former for dårleg samvit – noko eg sjølv ofte føler at eg har fått utdelt for mykje av.
Som forfattar får eg levd ut dei sidene av meg som drøymer om å vere som Clara Lofthus. Det er litt som å ha eit hemmeleg liv som superheltinne eller -skurk, alt etter korleis ein ser det, eit liv ein kan tre inn i når andre går på arbeid eller legg seg, eit liv der ein får gjere ting ein kanskje elles berre fantaserer om å gjere.
Clara Lofthus er den mest samansette karakteren eg har laga. Eg blir glad når eg får tilbakemeldingar frå lesarar som seier at dei har blitt glade i Clara, identifiserer seg med henne, trass at ho «sikkert er psykopat». Og ja, ein psykiater kunne sikkert kunne sett minst ein eit par merkelappar på Clara, men for meg er det nettopp i spennet mellom det så velfungerande, vanlege og alt det mørke, at det blir interessant. At lesaren kan bli forferda av Clara og samstundes identifisere seg med henne, ha sympati med henne, det gler forfattaren i meg.
«Ein nydeleg psykopat. Ruth Lillegraven fullfører sitt inngåande portrett av eit fascinerande og livsfarleg kvinnfolk.»
Ola Hegdal, NRK
«Massemordersken fra Vestlandet får endelig som fortjent.»
Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende
«Mitt neste liv er en psykologisk thriller av beste sort, så den ble slukt i to grådige jafser.»
Tinesundal, blogg