Bla i boken

Gard er ikkje redd

Velg format

299 kr
På lager
ISBN
9788203378461
  • Papirbøker sendes innen 2 virkedager
  • Ebøker kan sendes til Kindle

Gard vil bli med pappa på fjellet. Dei må finne den siste sauen og lammet. For i skogen lurar reven. Førre gong Gard og pappa gjekk i skogen, hadde reven tatt eit lam. Heldigvis har Gard laga ei børse av tre. No skal ikkje reven føle seg trygg! Men mamma har andre planer for Gard. Ho vil at han skal leike med ei jente som er fødd i det same landet som han. Gard blir sint. Kvifor skal han leike med ei lita jente? Berre fordi dei ser like ut? Gard spring mot skogen. Og skogen er mørk og skummel. Gard er ikkje redd handlar om eit barns ynskje om å bli sett for det barnet er og ikkje for det vaksne trur det er. «Gard er ikkje redd er en åpen og fin fortelling om ansvar, mot og trygghet - og om at det man først antar, kanskje ikke alltid er som man tror.» Karoline Henanger, Klassekampen «Gard er ikkje redd er ei fin barnebok om mot og dyrehald. Sunniva Sunde Krogseth sine vakre illustrasjonar er detaljrike, visuelt tydlege og viser god kjennskap til gardsdrift og dyrehald. Dei formidlar og supplerer teksten særdeles godt, og gjer boka spanande for barn å bla i, også for dei som ikkje kan å lesa enda. Formatet og utforminga til denne boka gjer at ho eignar seg spesielt godt til høgtlesing, også i større grupper.» Hildegunn Hovde, Nynorskbok.no «Gard er ikkje redd av Brynjulf Jung Tjønn og illustratør Sunniva Sunde Krogseth er ei finstemt og dramatisk danningsreise i bildebokformat.» Trine Dale, Barnebokkritikk.no «Ikkje berre i teksten, men endå meir i illustrasjonane, vert lesaren omgitt av ein jordnær, men kjensleladd estetikk som lukkast med ein krevjande kombinasjon av nervepirrande spenning og stort tolkingsrom.» Janne Karin Støylen, Bergens Tidende (Fem hjerter)

Vis info om boka Skjul info om boka

Nivå 3-6
Sider 43
Utgitt 2022
ISBN 9788203378461
Format Innbundet
Språk Nynorsk
Salgsdato 08.08.2022
Emne Skjønnlitteratur Billedbøker Identitet Følelser

Brynjulf Jung Tjønn

Brynjulf Jung Tjønn (1980) er fødd i Sør-Korea, men vaks opp i Feios i Sogn og Fjordane. I dag bur han i Oslo og arbeier som forlagsredaktør i Samlaget. Han skriv dramatikk og skjønnlitteratur for både vaksne, ungdom og barn. I 2013 vann han Brageprisen for ungdomsromanen Så vakker du er.

Les mer

Sunniva Sunde Krogseth

Sunniva Sunde Krogseth (f 1987) er illustratør og forfatter. Hun er utdannet ved Kunsthøgskolen i Oslo (BA) og Konstfack i Stockholm (MFA). Hun debuterte i 2020 med Naturinstruksjoner (Blokk forlag), en bildebok for voksne. Gard er ikkje redd er hennes første samarbeid med Brynjulf Jung Tjønn. Les mer