Bondestudentar

På lager
ISBN
9788203363627
Pocket
kr 179,-

Detaljert informasjon

  • ISBN: 9788203363627
  • Salgsdato: 24.07.2018
  • Språk: nno
  • Sider: 249
"Bondestudentar" (1883) er Garborgs litterære gjennombrott, og med den romanen vann han seg eit namn i utlandet òg. I vår litteratur er denne boka blitt grunnforteljinga om bondesonen som bryt opp for å skape seg eit anna liv, intellektuelt og urbant. Med hovudpersonen Daniel Braut får store problem på vegen mot det han har lært er det ideale liv, og han svik både seg sjølv og si eiga klasse. Romanen har ein moralsk og ein samfunnkritisk bodskap og er blitt ståande som ei av dei viktigaste sosial- og kulturhistoriske skildringane i norsk dikting.
Vis mer informasjon om boka… Vis mindre informasjon om boka…
Arne Garborg

Arne Garborg

Arne Garborg var fødd 25.1. 1851 på Garborg i Time på Jæren. Som odelsson sa han nei til farsarven. Han tok  lærarutdanning og deretter ein oppsiktsvekkjande god studenteksamen. I 1877 vart han redaktør av nynorskavisa Fedraheimen og året etter debuterte han skjønlitterært med Ejn fritænkjar.  Garborg var ein mann som hadde kjent på kroppen 1800-talets krise i den norske bondestanden. Samstundes tok han innover seg som få andre dei store politiske og kulturelle omveltningane som gikk føre seg i Europa i hans levetid. Han gjorde nynorsk til litteraturspråk og blei ein av Nordens og Europas store moderne forteljarar. Med sitt mangslungne talent femnar Garborg sin forfattarskap det meste. I tilleggg til romanane skreiv han lyrikk, skodespel, essays, gjendiktningar, omsetjingar og debattinnlegg.

Mer om forfatteren