Utyske

Velg format

429 kr
Kommer for salg
02.10.2026
ISBN
9788203464317
  • Papirbøker sendes innen 2 virkedager
  • Ebøker kan sendes til Kindle
På garden Stormoen merker dei godt at det er krig. Tyske offiserar frå den store militærleiren i bygda har tatt halve huset og innlosjert seg i finstova. Odelsjenta Synnøve er skeptisk til soldatane, men foreldra oppmodar dottera til å gjengjelde interessa obersten Hugo viser ho.

På husmannsplassen nedi vegen driv Sveinung sauegarden etter at faren døydde i bombinga av Namsos. Han blir stadig meir uroa av oppførselen til venninna Synnøve.

Sjølv kunne han aldri falt for ein tysk soldat, meiner han. Det er heilt til Mario flyttar inn på garden. Sveinung fell pladask. Og med det er begge ungdommane på Stormoen involverte med kvar sin tyskar.

Då SS vil gjere Stormoen til ein tingstad etter at Tyskland vinn krigen, blir Sveinung pressa til å bruke alt han har lært om den norske vikingarven for å iscenesette gravhaugar, vikingskattar og gamle segner. Farane rykker nærare idet Tyskland er i ferd med å tape krigen, Hugo er på sporet av forholdet mellom Sveinung og Mario, og Synnøve oppdagar at ho er gravid.

Utyske er ei stor forteljing om den umoglege kjærleiken mellom nordmenn og tyskarar under andre verdskrigen - uansett kven dei var.

Vis info om boka Skjul info om boka

Nivå Voksen
Utgitt 2026
ISBN 9788203464317
Format Lydbok (nedlastbar)
Språk Nynorsk
Emne Skjønnlitteratur
Guri Idsø Viken

Guri Idsø Viken

Guri Idsø Viken (f.1979) er litteraturvitar, journalist, samfunnsdebattant og politisk rådgivar i Frivillighet Norge. Ho har vore juryleiar for Sørlandets litteraturpris og har tidlegare gitt ut Magnhild, en roman om sex, fyll og offentlig forvaltning saman med Inger Johanne Sæterbakk. Les mer
test test

Artikler

Juleselskapet som ikkje vart

Ei ekstrascene frå Krakk
Les mer