Foto: Helene Spanthus
Juleselskapet som ikkje vart. Ei ekstrascene frå Krakk
Av Guri Idsø Viken
Jula kan vere dramatisk. Ofte er det då alle våre ønske for livet møter realitetane, då vi ser kva vi har og kva vi kan gjere med det. Då vi kjem tett på familien, då vi stirer oss sjølve i kvitauget, då vi har tid til å reflektere over livsval.
Jula sine allmenngyldige og tidlause krav til oss sjølve og omgjevnadene gir eit potensial for å tydeleggjere karakterar. Ho er ofte eit godt utgangspunkt for dramatisk handling i diktinga, og kanskje er det derfor vi aldri blir leie av julefilmane og julehistoriene.
Da eg jobba med Krakk, brukte eg jula som eit tidleg dramatisk vendepunkt. Her kjem vi tett på karakterane og lyta deira. Nett fordi jula krev noko av dei – ein rein fasade, mykje blankpussa sølv, eit hjarteleg smil – så blir det tydeleg for dei sjølve og lesaren kva dei ikkje har, kva liva deira manglar.
Likevel kutta eg julescena under. Kanskje mest fordi det som kjem fram her, kom fram i dei andre scenene, og eg måtte rasjonere. Men kanskje står det seg her, for lesarar som vil ha eit gjensyn med karakterar, eller for andre som lurer på kva boka handlar om. Som ekstramateriale etter boka er ferdig. Eller berre som eit julebilete frå ei anna tid.
Desse er til stades:
- Axel Herlofson, hovudperson i Krakk, er blant dei rikaste i Arendal. Han eig verksemdene folk jobbar i, husa folk bur i og banken folk har pengane sine i. Men han har mange løyndomar og ein revisor som kjem stadig tettare på – på fleire vis.
- Hanne Herlofson, kona til Axel og dronninga av Arendal, ønsker å briljere med eit hus fullt av familielukke og hjartelege selskap. Men Axel er sjeldan heime og har slett ingen planar om å dele trone med ho.
- Ragna Herlofson, tenåringsdottera til Axel og Hanne. Ho er svært gifteklar, i alle fall i følge ho sjølv. Også ho har eit godt auge til revisoren i banken.
- Thomas Berntzen, den unge revisoren i banken, prøver så godt han kan å gjere jobben sin bra, men det er ikkje så lett når han også har så varme kjensler for ein banksjef som openbert rotar med tala. Og kva gjer han eigentleg i familieselskap på Axelhus uansett?
- Didrik Herlofson, Axels eldre bror, bur i Paris med kona Caroline og fleire barn, deriblant Agnete, som berre han kjenner det eigentlege opphavet til. Trur han.
- Agnes Mercier, den franske butikkdrivaren i Arendal, er nær ven med familien Herlofson. Ho har lenge vore elskarinna til Didrik og har fått han til å tru at han er far til ein unge som ikkje ein gong er hennar. Men noko må ein gjere om ein skal kome seg fram i verda som einsleg kvinne.
- Theodora Cormontan, dottera til presten, er venninne med Hanne og Agnes. Ho er musikar og komponist og driv eige musikkforlag i Arendal.
- Peter Lund, far til Hanne og Caroline, er familiens patriark, som er svært nøgd med å ha gifta bort døtrene sine til kvar sin Herlofson. Ikkje at han likar svigersønene noko særleg, men ein må jo sikre arven.
Det er andre juledagen. Dei har vore i kyrkja og høyrt presten snakke om å dele med dei fattige. Alle har dei løyndomar for kvarandre. Berre lesaren veit kor mykje som faktisk står på spel når stolane blir dregne inntil den stive damasken på Axelhus.
No koma Guds englar
– Mit Hierte altid vanker i Jesu Føde-Rum, syng Theodora Cormontan idet familien Lund Herlofson med vener er samla til julemiddag andre juledag. – Der er min Længsel hiemme, Der har min Tro sin Skat.
Ikkje på noko tidspunkt er Axelhus meir stivpynta enn no. Dei kvite damaskdukane er nyreinsa og stive, direkte frå Frankrike. Store sølvpokalar er fylte av kvite liljer og amaryllis og så blankpussa at dei speglar dei små solstrålane som kryp inn frå Tromøysund. I dei mange messingkandelabrane står høge, slanke, kvite stearinlys i rein parafin. Rundt dei skin lysa frå juletreet.
Det er ikkje så fint som det kunne ha vore, tenker Hanne Herlofson. Tenarane fekk ikkje inn raude tulipanar i tide, til tross for at Hanne bad dei om det. Og dei har gløymt å sette fram dei nye krystallenglane ho spesialbestilte frå England nett til dette høvet. Så dum ho var som ikkje sjekka bordet ein ekstra gong. Så tankelaust av henne! Ho kjem til å irritere seg over det resten av dagen.
Hanne ser nedover det lange spisebordet. Serveringa er i alle fall etter planen. Det bognar av hummar i aspik, glaserte rapphøns og sild à la russe. Det er østerspostei, gåsepostei og sylta dueegg. Det blir skjenkt store mengder champagne, raudvin og sherry frå 1878. Enn så lenge held tenarane styr på kva som skal serverast når, men Hanne kjenner seg aldri heilt trygg på at dei skal greie det.
Bordplasseringa er Hanne i det minste nøgd med. Ho har jobba med det i fleire dagar for å få alt til å stemme, for å kople saman riktige folk, gjere sitt for at alle skal kjenne seg vel.
Faren sit til venstre for ho, slik han alltid gjer. Humøret hans akkompagnerer dei mange historiene han har på lager. Hanne har høyrt dei fleste før, så ofte at ho veit kva for stikkord som gir kva for assosiasjonar som hentar fram kva for historie. Men ho likar det. Det er noko trygt og varmt ved dei, ikkje minst no i jula, når alle skal feire eigen storheit som best dei kan.
Ved sida av faren sit Axel si søster Constance. Alle dei ti ungane hennar tar opp halve plassen lenger nede ved bordet. Hanne har gitt seg sjølv presten Cormontan til bords, så dei kan snakke vidare om å vere gode mot kvarandre i jula, som om det er det lettaste i verda.
Nedanfor dei igjen sit Caroline og Didrik. I augekroken ser Hanne at Didrik allereie har fått raudvinsflekkar på duken. Han oppfører seg alltid som om han høyrer heime her i huset, heller innpå minst dobbelt så mykje vin som dei andre og søler som om han sat ved eit grovt trebord i ei ussel skjenkestove.
– En Svale ey tør lede Om Natte Lye og Roe, syng Theodora vidare. – En Løve veed sin Hule, Hvor hand sin Roe kand faa.
Medan alle har auga festa på den gylne sopranen, løftar Hanne handa diskret til panna. Tenestejenta har lagt håret nøye, så det dekker blåmerka hennar rundt tinningen. Likevel må ho stadig sjekke at dei ikkje kjem til syne. Kan ikkje ta sjansen på at faren ser korleis ektemannen har merkt henne. Ikkje nokon andre heller, for den saks skuld. Det svir når ho kjem nær det. Som om huda ligg utanpå ho og truar med å gjere ho vondt.
Axel sit på motsett side av bordet saman med Agnes. Før kunne Hanne irritere seg over det nære forholdet dei to har til kvarandre. No set ho meir og meir pris på den roa Agnes får fram i ektemannen. Det er som om han er ein annan med henne på sida av seg, som om ho døyver det vonde i han, held han i balanse. Så får det heller vere at han stadig legg armen på stolen bak henne og ikkje tenker det minste grann på kva folk måtte seie om det. Ho sit i det minste langt unna Didrik, tenker Hanne, sjølv om ho merkar seg blikka Agnes sender oppover bordet. Ho veit nok at Agnes og Didrik har møtt kvarandre medan han har vore her. Så naive dei er som trur andre ikkje får det med seg. Sjølv Caroline må vel vite det. Men kanskje dei ikkje bryr seg. Når har vel Agnes brydd seg om kva som sømmer seg?
Mor til Hanne sit saman med mannen til Constance. Ho har det same plaga uttrykket ho alltid har når det er noko ho er misnøgd med. Det er sikkert fordi dei er her og ikkje byen, tenker ho. Eller kanskje ho saknar familieserviset på bordet. Axel er visst misnøgd med bordplasseringa. Han vil framleis halde Ragna unna giftarmål. Sjølv har Hanne andre planar. Ho vil gjerne gi dottera ein sjanse til å velje sjølv, finne sin eigen veg. Derfor har ho plassert Ragna oppe ved seg. Og mellom Ragna og Hanne sit Thomas Berntzen.
Kom! Lad min Siæl erlange Sin rætte Qvæge-Stund; At kysse tusind gange Din søde Rosen-Mund, avsluttar Theodora. Applausen er danna, men begeistra.
– Ho er verkeleg ein god songar, frøken Cormontan, seier Lund. Hanne nikkar og løftar glaset. Vinen er tørr mot ganen, som om den trekker all væske ut av kroppen hennar i staden for å væte strupen. Ho snur seg mot Thomas og set opp sitt mest strålande smil.
– De må endeleg ete, kvitrar Hanne. – Dei har stått på inne på kjøkkenet her i fleire dagar.
Han nikkar blidt. Men verkar han ikkje litt nervøs? Er han ikkje litt ekstra stiv i ryggen? Litt meir keitete enn vanleg? Ho granskar andletet hans. Vel var ho førebudd på Ragna sine koketteri, der ho sit vend mot fetteren på høgre side og fjolleler. Men at Berntzen skulle vere nervøs…? Kanskje er han sjarmert av Ragna likevel? Er det derfor han skjelv lett på handa når han løftar glaset?
– Ikkje sant dei har stått på her, Ragna? seier ho litt høgt til dottera, som snur seg brått. – Ja, vår kjære Ragna har god oversikt over alt som skjer her i huset. Ho er snart klar for å bli husfrue sjølv, ho.
Ragna raudnar der ho sit, flakkar med blikket, ser ut til å vere hardt plaga av mora. Hanne høyrer sjølv at ho pratar alt for mykje no. Ho veit korleis det er. Når vinen går til hovudet på ho, blir ho altfor direkte. Likevel klarer ho ikkje å la vere. Ho har late seg sjølv bli oppglødd med tanken på den flotte mannen ved sida av ho saman med dottera si. Har fått bilete i hovudet av korleis dei kan vere saman. Berre ho ikkje er i ferd med å øydelegge alt saman!
– Frøken Herlofson har vel mange beilarar allereie! seier Berntzen høfleg.
Ragna raudnar endå meir. Snur seg unna, held fram med å prate med fetteren.
– Eit er i alle fall sikkert, ho gjer som ho vil til slutt, seier Hanne. – Er det ikkje slik med dykk unge no?
Hanne ler på det fjollete viset sitt. Så løftar ho handa nervøst til hovudet, stryk håret unna, slik ho ofte gjer utan å tenke seg om. Og med det same kjenner ho den ilande smerta som ligg like under huda. Frå dei små, sprengte kapillærårene som bankar seg fram i mørke roser i den kvite huda.
Ho glattar håret panisk tilbake. Drar ei hårnål framover. Men det er for seint. Sjølv om Berntzen smiler galant rett mot henne og lèt som ingenting, er det eit lite punkt av mørke inne i det lyseblå blikket hans. Meir skal ikkje til for å vise at han såg. Og ikkje berre at han såg, men også at han tenker sitt.
Ho vrir seg brått unna og legg ein arm på faren.
– Hugsar du den gongen vi var i Paris til jul, far? seier ho. – Då Ragna fekk ein gyngehest i gåve frå Axel og ville ri heim?
***
Axel følger kona si med blikket over bordet. ̶̶ Ho er unaturleg blid i dag, tenker han. Korfor driv ho eigentleg og tar seg i håret? Er ho full? Eller prøver ho faktisk å flørte med Berntzen? Ho skjemmer jo ut dei begge!
Og kva er det eigentleg ho sit der og snakkar med Thomas om, uansett? tenker Axel og drikk ein stor slurk vin. Kanskje ho framleis ser for seg at han kan gifte seg med Ragna, sjølv om Axel har gitt ettertrykkeleg beskjed om noko anna?
– No må vi skåle for vertskapet!
Svigermora sin lerkeglade stemme kling mot han og riv han vekk frå tankane sine. Axel har alltid hatt eit godt lag med ho. Så godt at han tar seg i å lure på om det eigentleg var ho som ville at Hanne skulle gifte seg med han den gongen.
– Eg synest verkeleg De har overgått Dykk sjølv i år! held fru Lund fram. – Er De ikkje einig, mademoiselle Mercier?
– Bien sûr!
Agnes er svært så glad ho også, der ho sit og prøver å sjarmere svogeren hans med franske fjolleord. Fru Lund kvitrar i veg om kor mykje flott dei har gitt barnebarna i julegåve og kor mange gode investeringar alle andre enn Axel har gjort i det siste. Barna sjølve er samla i daglegstova. Det verkar som dei har det langt meir hyggeleg der inne.
Aspiken klistrar seg mot ganen og veks i munnen. Axel frys på ryggen når han tenker på kor mykje pengar han taper på å sitte her og leike høfleg i staden for å vere på kontoret. Han lengtar attende til kvardagen, til å ete middag på Klubben, spele til seg nokre kroner på kort, vurdere investeringar og bygge relasjonar som kan kome han til gode seinare.
I blikket til Hanne er det minusgrader. Ho har flydd rundt i huset i heile dag og kjefta på tenestefolket for alt som ikkje er akkurat som ho vil ha det, har funne flekkar på lysestakar og fått dei til å pusse lysekronene på nytt. No er det Axel som får gjennomgå kvar gong han ter seg litt annleis enn ho ventar, når det er litt for mykje eller for lite av han, når han ikkje er den hjartelege familiefaren som han skal vere denne dagen. Den manglande kjærleiken mellom dei ligg smurt utover alt på Axelhus, som den sprukne glasuren på den kinesiske vasen på flygelet. Den vasen Hanne ville gøyme unna, men som Axel insisterte på å la stå.
Etter ei stund lykkast han med å fange blikket til Thomas. Bikkar hovudet så vidt mot venstre. Mot sommarstova. Han tar heldigvis signalet. Når Axel kjem inn dit, står Thomas allereie og lener seg mjukt mot ein tildekt skjenk.
– Du…må orsake kona mi, seier Axel og tar eit skritt mot han. – Ho toler ikkje alkohol.
– Det er ikkje noko å orsake.
Han smiler så dei vakre smilehola kjem fram. Axel går lengre fram. Tar tak i hovudet hans. Kyssar han. Men han trekker seg raskt unna. Tørkar leppene med handbaken.
– Det…kjennest ikkje rett, dette, seier han.
– Kva kjennest ikkje rett? spør Axel irritert.
– Dette. Her. Med kona di og Ragna der ute.
– Korfor ikkje?
– Tenker du ikkje at du gjer dei vondt?
– Eg?
– Vi, kanskje.
– Dei har alt dei vil ha. Har du sett alle julegåvene?
Axel drar seg litt unna.
– Kva gjer du her? spør han.
– Kva meiner du?
– Eg skjønar ikkje korfor du sa ja til å kome. Om det gjer deg så vondt. Skulle du ikkje til Skilsøy i jula?
– Det var så dårleg ver. Dessutan har eg jo fått så fint husvære.
Thomas er litt mildare no. Rekker ei hand opp mot kinnet hans. Tar eit tak i kinnskjegget. Luggar forsiktig. Axel smiler. Prøver å halde kjenslene tilbake.
– Gå heim tidleg, i det minste, seier han. – Eg kjem etter!
***
Agnes er letta når folk reiser seg frå bordet. Heile middagen har ho prøvd å halde samtalen gåande med dei irriterande folka frå Grimstad, som Hanne av ein eller annan grunn har plassert ho saman med. Men tankane hennar har vore i Paris, slik dei har vore fleire gongar dei siste dagane. Kanskje er det fordi Didrik er her at byen kjem for tett på henne igjen. Igjen og igjen ser ho for seg alle dei juledagane ho har feira i byen sin. Lysekronene på hotellet. Lysa frå varemagasina. Alle festkledde menneska. Glitrande ball. Ein glad far. Stolne augeblink med Didrik…
Heile middagen har ho prøvd å få augekontakt med Didrik. Det er ikkje meir enn to dager sidan han var hos henne sist. Men no er det som om han ikkje kjenner henne, som om han ikkje vil ha ho her, med all den uroa ho sikkert representerer i familieforteljinga hans.
Ute i hagestova kan ho likevel ikkje unngå Caroline, som står og sladrar saman med dei andre damene.
– Du er verkeleg så god til å synge, seier Caroline. – Det er synd og skam at du berre er her i Arendal!
– Det er mange å synge for her, protesterer Theodora.
Agnes stemmer i lovprisinga. Legg ein arm rundt Theodora og tar imot eit glas punsj. Vil seie noko om slekta frå Grimstad, men blir avbroten av ein unge som spring rett i skjørta på ho. Ho ser forskrekka ned og får auge på Agnete. Ho er kledd i ein brusande, vinraud kjole. Dei mørke krøllene er sette opp i ein nydeleg oppsats bakpå hovudet.
– Puis-je monter sur le carrousel s'il vous plaît?
– Le carrousel?
Agnes bøyer seg ned og smiler mot Agnete. Så fint det er å høyre eit barn snakke fransk. Så nydeleg ho er. Kanskje ho er litt hennar likevel?
– Har du sett ein karusell? spør ho varmt. – Var den fin?
– Agnete! Manerane! seier Caroline brått og tar tak i skuldra til Agnete. – Orsak! Vi gjekk forbi butikken ein dag. Agnete likte så godt hesten i vindauget. Så eg fortalde at De hadde fått laga han.
– Ho gledde seg til å helse på butikkdama i Arendal, forklarer ho vend mot dei andre, som om Agnes ikkje høyrer ho lenger.
– Å, sånn sett. Merci, seier Agnes mot Agnete. – Eg prøver å få til like fine butikkvindauge som i Paris!
Caroline ser granskande og uforståande på henne, som om ho ikkje skjønar noko.
– Tenk at Arendal har ein så fin liten butikk! seier ho med eitt.
– Og tenk at den kanskje skal bli vår! seier ho til Agnete mens ho rettar på ein av hårlokkane hennar.
– Dykkar?
Agnes ler forsiktig. Caroline har kanskje mange idear. Men her har ho vel misforstått noko?
– Oi sann, det skulle eg kanskje ikkje avsløre, seier Caroline og legg handa tilgjort mot leppene. – Pardon! Axel har vel ikkje nemnt det for deg enno?
– Ja, Didrik vil gjerne involvere seg litt meir i forretningslivet her i Arendal, forklarer ho, vend mot dei andre. – Og det er jo ikkje noko eg likar betre her enn den vesle butikken. Vi kunne få sendt dykk fleire varer frå Paris? Og så kan vi kome litt oftare til Arendal!
– Blir det vår karusell, mor? seier Agnete. – Kan vi køyre den?
– Hysj, då!
Ho bøyer seg ned, kyssar Agnete på kinnet og sender henne av garde mot dei andre ungane. Agnes klarer ikkje puste. Kan ikkje tru det ho nett høyrde. Ho ser frå Caroline til Agnete til Hanne. Alle er vende mot henne med forventningsfulle blikk og påklistra smil. Alle utanom Theodora, som har eit slør av medynk over seg, som om ho synest synd på Agnes. Den verste kjensla av alle.
Agnes tar eit steg unna. Veit ikkje heilt kva ho skal seie. Så dum ho kjenner seg, som trur at noko har handla om ho og Didrik, at ho kan vere ein reell trussel for Caroline. For han har det kanskje handla om forretningar heile tida. Eller om å blidgjere kona si. For han er vel Agnes berre ein ussel ekspeditør, ikkje nokon å rekne med. Er det kanskje derfor han ikkje ser ho, fordi ho ikkje høyrer heime her, ikkje er ein del av dei? Ho har mest lyst til å kaste opp. Men ho har jo opplevd dette før. Ho veit korleis det er.
– Det…det hadde han visst gløymt å fortelje, seier Agnes til sist. – Je…ne savais rien.
***
Når Axel kjem inn i røykerommet, sit Didrik og Lund og nærast kappast om å stappe pipa raskast.
– Det var då ei spesiell preike Cormontan hadde i år, synest du ikkje? seier Lund.
– Eg synest ikkje ho var så verst, parerer Axel medan han tenner sigaren sin. – Det er ein god og moderne prest vi har.
– Så det seier du! Korleis går det i Paris? Har de vunne over sosialistane enno?
Spørsmålet er retta til Didrik, men Lund ser triumferande på Axel medan han pattar på pipa si..
– Det er framleis ein del mas om ny skattelegging og fleire sosiale gode, seier Didrik.
– Der ser du, Axel, seier Lund. – Det går berre ein veg her og, om du skal halde fram med å gi folk lov til å ta fri med løn og alt for gode pensjonar. Kom ikkje og sei at eg ikkje åtvara deg. Dei kjem til å bli late!
– Tvert om, seier Axel og pattar på sigaren sin. – Eg har langt høgare produktivitet på verfta mine enn på dei andre verfta i byen. Det løner seg å gi avkall på profitt for å ta sosialt ansvar.
– Det kjem vel an på korleis ein reknar, seier Lund. – Der har du alltid vore kreativ.
– Og så byrjar arbeidarane å krevje meir pengar, skyt Didrik inn.
– Vi har nok pengar til alle her i byen, seier Axel. – Men de har kanskje grunnar til å vere gnitne i Paris?
Axel vinkar på ein tenar og ber han skjenke opp den dyraste konjakken. Eit ungehyl høyrest utanfor. Didrik orsakar seg og går ut. Axel kan ikkje skjøne korfor han alltid engasjerer seg sånn i dei ungane sine. Han har vel både barnepike og kone til slikt.
– Kva var det du prata med Berntzen om? spør Lund mistenksamt når dei er åleine.
– Berntzen?
Axel drikk ein stor slurk konjakk. Prøver å late som ingenting.
– Eg såg de gjekk ut. Er det noko med forretningane no i jula? Eller er han interessert i Ragna, kanskje? Ho er vel snart gifteklar. Og ein kjekk mann som Berntzen…
Axel tørkar panna. Sveitten renn bak i nakken.
– Eg må betale eit lån i Stavanger! avbryt han.
– Stavanger? Korfor har du lån i Stavanger?
– Du veit jo at eg ikkje kan låne i eigen bank. Og Sparebanken her i byen er så gjerrig for tida.
– Så må du kanskje ikkje kjøpe dyre smykke og selfangstskuter?
Axel ler hånleg mot han.
– Eller russisk tømmer, meiner du?
Lund pattar på pipa. Ser sur ut.
– Kor mykje treng du så?
– Om lag hundre tusen.
– Hundre tusen? Og det ventar du at eg berre skal bla opp?
– Det ville vore veldig synd om det vart sladra om denne familien no, når Heftye pustar oss i nakken. Og med denne bygginga av Faust…
Lund ristar på hovudet. Ser seg rundt i rommet. Møter ikkje blikket til Axel.
– Det er vel ikkje så mykje for deg? Du skal få renter, sjølvsagt. Det er vel best det ikkje kjem ut at vi ikkje kan betene gjelda i denne familien.
– Kva snakkar de om? spør Didrik, som kjem inn igjen med eit tomt konjakkglas.
– Å, ingenting, seier Axel. – Lund er framleis misnøgd med preika.
Dei blir avbrotne av gongongen som annonserer at det er tid for kaffi og kaker inne med dei andre. ̶ No blir vel Hanne sur for at han allereie har starta på konjakken, tenker Axel og heller i seg resten av glaset. Lund held han litt igjen når dei reiser seg for å gå ut til dei andre.
– Eg må ha garanti for det, seier han – Og ikkje fleire av desse vekslane dine.
– Tenkte du skulle seie det, seier Axel og gir Lund ei lita bankbok. – Du kan ta denne i pant, den er verdt femti tusen.
***
Når alle igjen samlar seg inne i spisesalen, er bordsettinga til Hanne heilt endra.
Faren har flytta seg vekk frå Hanne og sit ved sida av fru Lund og slekta frå Grimstad. Didrik og Caroline sit og ler saman med Constance, som visst har funne igjen matlysta. Det skal ikkje ta lang tid før Didrik veltar eit portvinsglas over ende, til endå høgare latter frå folk rundt.
Axel sit rett overfor Lund ved bordet og smiler hovmodig mot han, nøgd med å ha kome seg unna den stavangerske knipa for denne gongen. Lund møter ikkje blikket hans, men ser ut til å vere travelt opptatt med å fortelje noko til Constance, som ler og ristar på hovudet som ei anna fjolle.
Agnes ser unødig bleik ut, synest Hanne. Kanskje ho er skuffa over at Didrik snart skal reise, tenker Hanne. Ho er jo så naiv at ho kunne fort tru han var komen hit for å bygge og bu saman med henne. Som om nokon Herlofson nokon gong har brydd seg om elskarinnene sine. Eller kjærleik, for den saks skuld.
Thomas Berntzen er ikkje å sjå.
– Det var du som fekk han til å gå heim, freser Ragna til Hanne. – No har du øydelagt alt!
– No koma Guds englar med helsing i sky, syng Theodora Cormontan. – No stig i frå jordi ein helgasong ny som skal gjennom himmelen ljoda.


