"I novella «Ungane» er tre barn forlatne av mora si i ei leilegheit nokre dagar før jul. Dagane går, og mora kjem ikkje attende, slik ho har lova. Eg-stemma tilhøyrar eldsteguten Jon som har ansvaret for dei to yngre søskena. Dei er tome for mat, det er kaldt og veslebroren blir sjuk. Dessutan har Jon funne ein pistol i ei av skuffene.
Therese Tungen (fødd i 1977) kjem frå Kvam i Gudbrandsdalen og bur i Oslo. Ho har jobba som forlagsredaktør i Samlaget, og har vore litteraturanmeldar i Morgenbladet og Klassekampen. Ho har gått på forfattarstudiet i Bø og på Aschehougs forfattarskule. Tungen debuterte i 2017 med novellesamlinga Ein gong var dei ulvar. Boka fekk strålande mottaking og ble nominert til Ungdommens kritikerpris.
Therese Tungen vart tildelt Aschehougs debutantstipend for 2017, og i 2018 fekk ho Bjørnsonstipendet. I 2019 utkom hennar andre novellesamling, Kjærleik og det som liknar. Den fekk glimrande kritikkar og vart nominert til EUs litteraturpris 2020. Våren 2022 kom boka Snu deg: Edvins bok. Hausten 2025 er ho aktuell med romanen Den andre sida av elva.
Les mer
Artikler
Kjærleik og det som liknar
Ønsket om nærleik til andre kan vere både ei vakker og destruktiv kraft. I Kjærleik og det som liknar skriv Therese Tungen om desse eldgamle tema.