Pent porselen
Éin loppis. Tre kvinner. Altfor mange ting.
Iselin er ei klippe for familien, men har begynt å kjenne avsky for både mannen, jobben og det evinnelege dugnadsarbeidet. Det einaste ho finn glede i mens ho druknar i finlopper, er å lese om stygge drap og snoke i livet til offera.
Sarah er gravid og redd for at barnefaren skal forlate henne, så rart som han oppfører seg. Ho held seg langt unna loppemarknader - bortsett frå dei ho må rykke ut til som ambulansesjåfør.
Berit er i sorg etter at kjærasten døydde. For å prøve å dempe saknet jaktar ho på brukte skattar, og kvar fredag går ho til grava med kaffi på termos og stadig nye porselenskoppar.
Pent porselen er ein roman om å vere lykkeleg åleine og einsam saman med andre. Om å miste, men også om å finne igjen.

Vis info om boka Skjul info om boka
Nivå | Voksen |
---|---|
Utgitt | 2025 |
ISBN | 9788203457272 |
Format | Innbundet |
Språk | Nynorsk |
Emne | Skjønnlitteratur Romaner |