Frægd

Velg format

149 kr
På lager
ISBN
9788203196607
  • Papirbøker sendes innen 2 virkedager
  • Ebøker kan sendes til Kindle
Frægd er det norrøne ordet for ære. I denne romanen møter vi tre generasjoner menn frå ættegarden Hovland i Hardanger. Boka er ei saftig blanding av epledyrking, kraftindustri og oppvekstforteljing. Eit mellomaldersk mørke kastar svarte skuggar over Hovlandsgarden, og ei sanning som ikkje blir fortalt.
Romanen "Frægd" tek lesaren med på dei mest forunderlege, fantastiske og overraskande ordreiser. Språket er saftig og fjellstøtt. Norrøne kvad møter amerikansk rap, rallarliv og industrihistorie møter griseslakt og eplehausting, ei skeiv oppveksthistorie møter sagalitteratur, populære songstrofer og dikt blir vevd saman med viltre og groteske hendingar til eit barokt veggteppe i mange fargar.

Vis info om boka Skjul info om boka

Nivå Voksen
Utgitt 2011
ISBN 9788203196607
Format Ebok
Språk Nynorsk
Salgsdato 28.03.2011
Emne Skjønnlitteratur Familie Hordaland Romaner Gårdsbruk
Lars Ove Seljestad

Lars Ove Seljestad

Lars Ove Seljestad (f. 1961) er utdanna sosiolog og er ei av dei viktigaste røystene i norsk samtidslitteratur. Han brakdebuterte med romanen Blind (2005) som sette omgrepet «klassereise» på dagsorden i den norske offentlegheita. Sidan har han skrive seks romanar og ei essaysamling. I 2013 debuterte Seljestad som lyrikar med Storspring. Fabrikkdikt, som fekk lysande meldingar. Les mer

Artikler

Lyden av stein som flyttar seg under vatn

Lars Ove Seljestad har skreve ei ei poetisk-eksistensiell diktsamling med røter i levd liv. Boka følgjer opp den kritikarroste lyrikkdebuten Storspring. Fabrikkdikt, som kom i 2013.
Les mer