Eitranes
Halvard Bergstø veks opp som eldste son av ein smelteverksarbeidar, men snur ryggen til farsarven og flyktar til ein akademisk karriere. Som stipendiat er Halvard besett av tanken på å komma seg vekk frå heimstaden Eitranes og smelteverket. Frigjeringa er alt anna enn enkel, til slutt bryt han saman under tyngda av sine eigne ambisjonar og vender heim for å finna nytt fotfeste.
Med broren Vidar som vegvisar finn han vegen inn til ein arbeidarkultur som han ikkje visste fanst. Gjensynet med broren, heimbygda og smelteverket blir eit gjensyn med eiga historie. Tydelegare enn nokon gong ser han verdiane, haldningane og kunnskapane som blei skrive inn i han då han voks opp.
Eitranes er ein drivande eksistensiell roman om klasse, seksualitet, reiser, flukt, sosiologi og raseri. Ikkje minst er det ein roman om den lange vegen heim. Den gjer synleg og anerkjenner dei som bygger den grunnmuren som samfunnet vårt kviler på.

Vis info om boka Skjul info om boka
Nivå | Voksen |
---|---|
Utgitt | 2022 |
ISBN | 9788203393150 |
Format | Ebok |
Språk | Nynorsk |
Emne | Romaner Skjønnlitteratur |