Blind

På lager
ISBN
9788203368530
Lydbok (nedlastbar)
kr 179,-

Detaljert informasjon

  • ISBN: 9788203368530
  • Salgsdato: 23.03.2021
  • Språk: nno
Geir Kinsarvik veks opp i Oddas gamle industristrøk, med ein far som jobbar på Smelteverket og ei mor som vaskar arbeidarbrakkene. Ei hending i barndommen der han blir misbrukt og mobba av skulekameratane, får han til å bli besett av hemntankar. Han vil opp og fram i verda, han forlét Odda, klassebakgrunnen og tanken om solidaritet. I staden satsar han på høgare utdanning i Oslo. Her møter han Amalie, ei pen jente frå beste vestkant. Saman får dei ein son, men det er mørke krefter i Geir som får han til å gi sine næraste ei stor smerte.

Blind er ein moderne klassikar, som skildrar tiåra frå 1960 til starten av 2000-talet, politisk og kulturelt. Det er ein innhaldsrik og kompleks roman om ein mann som får professoratet sitt, men som mister si sjel.
Vis mer informasjon om boka… Vis mindre informasjon om boka…
Lars Ove Seljestad

Lars Ove Seljestad

Lars Ove Seljestad (f. 1961) er utdanna sosiolog og er ei av dei viktigaste røystene i norsk samtidslitteratur. Han brakdebuterte med romanen Blind (2005) som sette omgrepet «klassereise» på dagsorden i den norske offentlegheita. Sidan har han skrive seks romanar og ei essaysamling. I 2013 debuterte Seljestad som lyrikar med Storspring. Fabrikkdikt, som fekk lysande meldingar.
Mer om forfatteren

Frank Kjosås

Mer om forfatteren