Slemme jenter

noveller

Velg format

Tilbudspris 253 kr Før 289 kr
På lager
ISBN
9788203396656
  • Papirbøker sendes innen 2 virkedager
  • Ebøker kan sendes til Kindle
Ei jente forelskar seg i ei anna jente, men vert sviken idet ho kjenner seg trygg på at kjenslene er ekte. Ei jentunge er med mora på vaskejobb tidleg om morgonen før skulestart, då ein glasmonter med eit modellskip veltar og knuser. Ei ung kvinne får prestasjonsfremjande Ritalin av ein mann ho freistar erobre og vert kasta inn i opp- og nedturar ho ikkje greier å styre.

Sju noveller med jenter i hovudrolla. Jenter som vil vekk frå kvardagen og jaktar etter spenning og grenseoverskridingar. Jenter som kjenner på einsemd og utanforskap, og som har mødre frå Asia og fedre på sjøen. Jenter som leitar etter meining, men finn ho på feil plass.

«... sterk debutsamling. Monica Goksøyr skriv innsiktsfullt og rått om samtykkelov, med hint til offentleg kjende metoo-saker.» Olaug Nilssen, Bergens Tidende (5 av 6 hjerter)

«Tekstane er velskrivne, velkomponerte og med psykologisk teft for sinnets labyrintar. Fleire av novellene er små perler av skarp observasjon, kvardagsrealisme og røynslene med å vekse opp i eit bygdemiljø utan særleg toleranse for det som bryt med tradisjonane. (...) Monica Goksøyr har gjennom Slemme jenter avlagt ein svært god sveineprøve.» Oddmund Hagen, Dag og Tid

«Monica Goksøyrs solide debutsamling opnar rom ved havet og rom i byen, og lèt lesaren pendle mellom dei med bankande puls i bringa. (...) Det er både driv og kraft i Monica Goksøyrs bølgjande, bevegande noveller. (...) Goksøyrs forteljarar er lunefulle og engasjerande. (...) Goksøyr skapar store indre rom i novellene, og gir seg plass til å kvervle opp tvitydige erfaringar og grums frå fortida. Det skapar bølgjer av framdrift og innsikt i notida, og held lesaren i rørsle.» Eivind Myklebust, Klassekampen

Vis info om boka Skjul info om boka

Nivå Voksen
Utgitt 2023
ISBN 9788203396656
Format Ebok
Språk Nynorsk
Salgsdato 07.08.2023
Emne Noveller Skjønnlitteratur Kvinner
Monica Goksøyr

Monica Goksøyr

Monica Goksøyr (f. 1990) har vakse opp på øya Runde på Sunnmøre og har røter i Thailand. Ho har ein master i rettsvitskap og arbeider som jurist i staten. Ho har gått på Aschehougs forfattarskule. Novellesamlinga Slemme jenter er hennar fyrste bok. Les mer