Roadmovie. Manuset

Velg format

119 kr
På lager
ISBN
9788203351983
  • Papirbøker sendes innen 2 virkedager
  • Ebøker kan sendes til Kindle
Den prislønte men psykisk sterkt tyngde omsetjaren Bodvin Rovde har enda opp i eit nedslite syttitals-småbruk ved svenskegrensa. Sjølv om han av prinsipp avskyr alle publiserte forfattarar, er han blakk, og ser seg dermed nøydd til å omsetje ei bok for Det Norske Samlaget. Oppdraget er ein seksuelt kåt roadmovie skriven av den kjende professoren Simon Anderson ved Institutt for nytta kjønnsforsking i Sandane. Men før Bodvin Rovde set i gang med omsetjinga, får vi servert hans eiga botnlaust mistrøstige livssoge. Frå oppveksten i Vanylven ber det via kjøleskapsforsking ved det nyoppretta Universitetet i Haugesund til Amerika. Etter eit lite strategisk erotisk eventyr ved eit norsk-amerikansk college endar Bodvin som barpianist i Las Vegas. Og her skyt det verkeleg fart i undergangen.
På nokre nevrologiske punkt støyter livet til Bodvin saman med den teksten han skal omsetje. Da snører alt seg til, og forfattaren, Walton, er nøydd til å melde seg i teksten for å rydje opp. Da vert jo sjølvsagt alt mykje verre.

Boka er dels (sur)realistisk livsskildring, dels roadmovie og dels metafiksjonell sjangersjonglering. Samstundes er ho fullt ut ein burlesk satirisk komedie. Stephen J. Walton er tildelt Norlis debutantpris 2012 for «Roadmovie. Manuset.» Fra juryens uttalelse: "Romanen kombinerer akademisk arroganse med et saftig, folkelig og upassende språk det virkelig spruter av."

Vis info om boka Skjul info om boka

Nivå Voksen
Utgitt 2012
ISBN 9788203351983
Format Ebok
Språk Nynorsk
Salgsdato 07.02.2012
Emne Litteratur Skjønnlitteratur Barndom Bygder Romaner

Stephen J. Walton

Stephen J. Walton er kjend i norsk offentlegheit som nynorskprofessor og sakprosaforfattar. Han har fått særleg merksemd for bøkene "Ivar Aasens kropp", "Den teksta versjonen. Amerikanisering og modernitetens intellektuelle" og biografiboka "Skaff deg eit liv!". Han debuterte som romanforfattar med "Roadmovie" (2012), som han fekk Norlis debutantpris for. Les mer