Bla i boken

Køyre frå Fræna

Velg format

199 kr
På lager
ISBN
9788203393617
  • Papirbøker sendes innen 2 virkedager
  • Ebøker kan sendes til Kindle
Nytt står mot gamalt i den vesle bygda Fræna, og vi møter politisk svært ukorrekte menneske: lokalpolitikaren som juksar seg til valsiger, mobben som marsjerar mot ordføraren sitt hus, og guten som mistenkjer at foreldra puttar sovemedisin i maten hans. Møt unge menn som prøver å køyre vekk frå Fræna, køyrer andre i hel og freistar leva med det, eller som jagar asylsøkarar gjennom skogen.
I Lars Petter Sveen sitt Fræna reisar døde seg midt på lyse dagen, og innbyggjarane ber på mørke løyndomar. Politikk, eventyr og grøsser glir over i kvarandre. Det er ikkje godt å seie kva som er mest uhyggeleg.

Lars Petter Sveen fekk Tarjei Vesaas Debutantpris, Aschehougs debutantstipend og Sunnmørsprisen for denne debutboka.

Vis info om boka Skjul info om boka

Nivå Voksen
Utgitt 2022
ISBN 9788203393617
Format Lydbok (nedlastbar)
Språk Nynorsk
Salgsdato 13.05.2022
Emne Noveller Møre og Romsdal Skjønnlitteratur
Lest av Anderz Eide
Lars Petter Sveen

Lars Petter Sveen

Lars Petter Sveen (f. 1981) er frå Fræna i Møre og Romsdal, men bur i Oslo. Han er tidlegare elev på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han fekk Tarjei Vesaas' debutantstipend, Aschehougs debutantstipend og Sunnmørsprisen for debutboka Køyre frå Fræna (2008). Da Jo Nesbø fekk Den norske lesarprisen i 2008, ga han tilleggsprisen på kr 50 000 - som skal gå til «ein lovande norsk forfattar» - til Sveen. Også for si andre bok, romanen Eg kjem tilbake (2011), fekk han glitrande kritikkar.

Guds barn (2014) var den tredje boka hans og eit litterært gjenombrot. Kritikkane var framifrå, og romanen er solgt til Danmark, Sverige, Frankrike, USA og Kina. For boka fekk han blant anna Sultprisen, Per O. Enquist pris 2016, Nynorsk litteraturpris 2014 og Jan Roar Leikvolls minnepris 2015 - romanen var nominert til Kritikarprisen for beste vaksenbok 2014, til Ungdommens kritikarpris, Natt & Dags Oslopris og P2-lyttaranes romanpris samt til IMPAC Dublin Literary Award 2020.

Sveen har skrive fleire romanar om erfaringa og kjenslene til enkeltindivid ramma av urett og katastrofar. Romanane Fem stjerner (2017) og Fem skuggar (2018) skildrar fem ungdommar på flukt fra Somalia mot Europa og Norge. Nordriket fra 2020 handlar om ein brutal geriljakrig i eit oppdikta land. Alle romanene har fått svært gode omtaler.

Hausten 2022 er han aktuell med si første sakprosabok, Kunsten å stamme - uten at noen merker det.

Lars Petter Sveen har mottatt Mads Wiel Nygaards legat 2014 for sitt forfattarskap, han ble tildelt Bokhandelens forfatterstipend 2014 - og var blant dei ti fremste unge, norske forfattarane kåra av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival i 2015. Les mer