I Midtbøs bakkar

minner frå eit samliv

Velg format

Forventet i salg
199 kr
ISBN
9788203192869
  • Papirbøker sendes innen 2 virkedager
  • Ebøker kan sendes til Kindle
I bøkene "I Midtbøs bakkar" (1974) og "Båten om dagen" (1976), som her er samla i eitt band, fortel Halldis Moren Vesaas om samlivet med Tarjei Vesaas og livet i bygdemiljøet i Vinje. Opent og enkelt og med sin logne humor tek ho oss med inn i familien, i samveret med grannar og kunstnarvenner og i sitt eige mangfelte arbeid. Men først og fremst møter vi mennesket Tarjei Vesaas på nært hald, og vi får eit levande bilete av den rike forfattarskapen hans.

Vis info om boka Skjul info om boka

Nivå Voksen
Sider 333
Utgitt 2007
ISBN 9788203192869
Format Pocket
Språk Nynorsk
Emne Faglitteratur Forfattere Selvbiografier

Halldis Moren Vesaas

Halldis Moren Vesaas (1907-1995) voks opp i Trysil og debuterte 22 år gammal med diktsamlinga "Harpe og dolk". Ho og ektemannen, forfattaren Tarjei Vesaas, busette seg i Vinje i Telemark, og dei reiste mykje, i Norden og Europa for øvrig, og knytte verdfulle kontaktar med andre diktarar slik at heimen deira, Midtbø, vart litt av eit nordisk kultursentrum.

Halldis Moren Vesaas kom med tre diktbøker før krigen, men dei mest kjende dikta står i samlingane "Tung tids tale" (1945), "Treet" (1947) og "I ein annan skog" (1955). Ho har òg gitt ut mange andre slags bøker - barnebøker, ein roman, noveller i "Så nært deg" (1987), og dessutan biografiske bøker om Sven Moren og Tarjei Vesaas, artiklar og essays og diktantologien "Vandre med vers" (1990).
Mykje av si arbeidskraft brukte ho på gjendikting av klassisk drama, av Racine og Molière, av Shakespeare og Brecht. I det siste leveåret sitt gjorde ho ferdig manuskriptet til den siste diktsamlinga, "Livshus" (1995), ein av dei største suksessane nokon lyrikar har oppnådd her i landet. Les mer

Andre i samme serie

  1. Edvard Grieg
    Edvard Grieg
    Ebok
    179 kr