Bla i boken

Hjartespreng

Velg format

299 kr
På lager
ISBN
9788203452918
  • Papirbøker sendes innen 2 virkedager
  • Ebøker kan sendes til Kindle
Om nokon hadde arrangert ein konkurranse i å vere 16 år, ville Inga komme på sisteplass. For sjølv om ho er flink i alle skolefaga, har fleire gode venner og er godt likt, får ho ikkje til det dei andre jentene i klassen får til. Nemleg å gå på festar, drikke seg full og vere med gutar.

Ein måndag kjem bestevenninna hennar på skolen og fortel at ho har gjort det med ein gut. Da skjønner Inga at ho også må øve seg på å vere 16 år. Det er ikkje så lett når ho ikkje har talent, når ho ikkje anar kven ho kan stole på, og når ho eigentleg ikkje tør.

Den einaste guten Inga vil vere med, er Nils. Ho vil sitte med han på skolebussen, bade med han i tjernet og sove ved sida av han på telttur. Men ho kan vel ikkje gjere det med han? Ho har jo kjent han heile livet.

Vis info om boka Skjul info om boka

Nivå 12-16
Utgitt 2023
ISBN 9788203452918
Format Lydbok (nedlastbar)
Språk Nynorsk
Salgsdato 21.12.2023
Orig. tittel Hjartespreng
Emne Ungdomstid Kjærlighet Romaner Skjønnlitteratur
Lest av Ane Barmen
Inger Johanne Sæterbakk

Inger Johanne Sæterbakk

Inger Johanne Sæterbakk (1981) kjem frå Orkanger og bur i Oslo. Ho jobbar som språkkonsulent på Det Norske Teatret. "Hjartespreng" er den tredje romanen hennar for barn og ungdom. «Rundt jorda og tilbake» kom i 2020 og «1000 dagar» i 2017. Ho har også skrive romanen «Magnhild» (2013) i lag med Guri Idsø Viken. Les mer

Artikler

Utdrag fra Rundt jorda og tilbake av Inger Johanne Sæterbakk

Rundt jorda og tilbake er ei bok om dei lyse og dei mørke tonane i gitaren, om dei glade og dei triste songane, om den stjerna som lyser sterkare enn dei andre og det smilet som betyr meir enn noko anna
Les mer