Haugtussa
Diktkrinsen "Haugtussa" (1895) er kan hende det rikaste verket Garborg har skrive, og mange av dikta er blitt folkeeige. Det er eit diktverk om grunnkreftene i menneskelivet, om striden mellom godt og vondt, og samstundes ein fulltonande lovsong til naturen, sett gjennom augo til hovudpersonen Veslemøy. Ho er synsk og kan sjå både inn i huldreheimen og gjennom menneska. I sitt eige liv får ho røyne svik i kjærleik, og ho blir freista til å gå over til dei mørke maktene. Livskampen hennar blir fortald med stor språkkunst, i poesi som både grip og gleder.
Vis info om boka Skjul info om boka
| Nivå | Voksen |
|---|---|
| Utgitt | 2014 |
| ISBN | 9788203357404 |
| Format | Ebok |
| Språk | Nynorsk |
| Salgsdato | 16.09.2014 |
| Orig. tittel | Haugtussa |
| Emne | Skjønnlitteratur |