Bla i boken

Guds barn

roman

Velg format

179 kr
På lager
ISBN
9788203368608
  • Papirbøker sendes innen 2 virkedager
  • Ebøker kan sendes til Kindle
"Guds barn" begynner i Betlehem da Jesus ble født og følgjer tida fram til etter hans død. Romanen fortel om kjærleik og vennskap, om tru og håp. Vi møter soldatar og røvarbandar, profetar og disiplar, små barn og spedalske, som alle blir dratt mellom gode og vonde krefter.
Dei mange historiene blir til ein vev, der det fantastiske og skremmande, det vesle og det store, går hand i hand. Offiseren Cato tviler på om han gjer rett når han følgjer kong Herodes' ordre. Far til Jakob fryktar at sonen er merkt av det vonde fordi han stammar. Anna leitar etter Andreas, men finn Jesu følgje. Røvaren Nadab prøver å verne om det vesle lyset han ber på. Og Peter får ikkje sove i frykt for kva som ventar dei alle.
Mektige krefter kjempar om makta i "Guds barn". Lars Petter Sveen har skrive ein roman utanom det vanlege. Dette er historier ingen har lese før, frå ei verd alle kjenner til.

Vis info om boka Skjul info om boka

Nivå Voksen
Utgitt 2021
ISBN 9788203368608
Format Lydbok (nedlastbar)
Språk Nynorsk
Salgsdato 23.03.2021
Emne Historisk litteratur Jesus Skjønnlitteratur Antikken Palestina
Lest av Anderz Eide
Lars Petter Sveen

Lars Petter Sveen

Lars Petter Sveen (f. 1981) er frå Fræna i Møre og Romsdal, men bur i Oslo. Han er tidlegare elev på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han fekk Tarjei Vesaas' debutantstipend, Aschehougs debutantstipend og Sunnmørsprisen for debutboka Køyre frå Fræna (2008). Da Jo Nesbø fekk Den norske lesarprisen i 2008, ga han tilleggsprisen på kr 50 000 - som skal gå til «ein lovande norsk forfattar» - til Sveen. Også for si andre bok, romanen Eg kjem tilbake (2011), fekk han glitrande kritikkar.

Guds barn (2014) var den tredje boka hans og eit litterært gjenombrot. Kritikkane var framifrå, og romanen er solgt til Danmark, Sverige, Frankrike, USA og Kina. For boka fekk han blant anna Sultprisen, Per O. Enquist pris 2016, Nynorsk litteraturpris 2014 og Jan Roar Leikvolls minnepris 2015 - romanen var nominert til Kritikarprisen for beste vaksenbok 2014, til Ungdommens kritikarpris, Natt & Dags Oslopris og P2-lyttaranes romanpris samt til IMPAC Dublin Literary Award 2020.

Sveen har skrive fleire romanar om erfaringa og kjenslene til enkeltindivid ramma av urett og katastrofar. Romanane Fem stjerner (2017) og Fem skuggar (2018) skildrar fem ungdommar på flukt fra Somalia mot Europa og Norge. Nordriket fra 2020 handlar om ein brutal geriljakrig i eit oppdikta land. Alle romanene har fått svært gode omtaler.

Hausten 2022 er han aktuell med si første sakprosabok, Kunsten å stamme - uten at noen merker det.

Lars Petter Sveen har mottatt Mads Wiel Nygaards legat 2014 for sitt forfattarskap, han ble tildelt Bokhandelens forfatterstipend 2014 - og var blant dei ti fremste unge, norske forfattarane kåra av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival i 2015. Les mer