Fred

Velg format

159 kr
På lager
ISBN
9788203357503
  • Papirbøker sendes innen 2 virkedager
  • Ebøker kan sendes til Kindle
"Fred" (1892) - "min naturalistiske jærroman" kalla Garborg boka. Tittelen er ironisk, ettersom livet til hovudpersonen, Enok Hòve, er alt anna enn fredfylt. Han gruvlar natt og dag, strir med vårherre, piner seg sjølv og familien. Til slutt tek angsten heilt over og driv han i døden for eiga hand. Samstundes teiknar boka eit mektig bilete av Jær-naturen og fortel mykje om det store omskiftet i økonomi og kultur som reiv opp det gamle, trygge bygdelivet. "Fred" er ein djuptborande og spennande studie i religionspsykologi innanfor eit samfunn i omforming.

Vis info om boka Skjul info om boka

Nivå Voksen
Utgitt 2014
ISBN 9788203357503
Format Ebok
Språk Nynorsk
Salgsdato 16.09.2014
Emne Romaner Skjønnlitteratur Klassisk litteratur
Arne Garborg

Arne Garborg

Arne Garborg var fødd 25.1. 1851 på Garborg i Time på Jæren. Som odelsson sa han nei til farsarven. Han tok lærarutdanning og deretter ein oppsiktsvekkjande god studenteksamen. I 1877 vart han redaktør av nynorskavisa Fedraheimen og året etter debuterte han skjønlitterært med Ejn fritænkjar. Garborg var ein mann som hadde kjent på kroppen 1800-talets krise i den norske bondestanden. Samstundes tok han innover seg som få andre dei store politiske og kulturelle omveltningane som gikk føre seg i Europa i hans levetid. Han gjorde nynorsk til litteraturspråk og blei ein av Nordens og Europas store moderne forteljarar. Med sitt mangslungne talent femnar Garborg sin forfattarskap det meste. I tilleggg til romanane skreiv han lyrikk, skodespel, essays, gjendiktningar, omsetjingar og debattinnlegg. Les mer