Ettermæle
"Ettermæle" er ei bok som med sin bakvende struktur nyttar kjende grep frå kriminallitteraturen. Eit mistenkeleg dødsfall har funne stad, og så blir trådane nøsta opp bakover i tid til vi har noko som liknar ei samanhengande historie og ei sanning, men rekkevidda går langt utover krim-romanens rammer. Det syner seg at det finst djupner som menneska ikkje veit om, at fortida rommar skyld vi ikkje kjenner og kanskje må svare for, at ettermælet styrer manns ferd.