Ein far til overs

dikt

Velg format

179 kr
På lager
ISBN
9788203394423
  • Papirbøker sendes innen 2 virkedager
  • Ebøker kan sendes til Kindle
I denne diktsamlinga undersøkjer Sondre H. Bjørgum narrativet til far. For ein far kjem i mange utgåver. Han skriv om kva far burde være og kva far ikkje vart. Og om far som mannar seg opp og tek seg saman.

Desse dikta er om forventning, om kjærleik på avvege, om klasse og kjønna fedreskap og nærleik som forsvinn når far går med nasa trykt ned i mobilskjermen. Om far som tastar med det eine auga, set på kaffien med det andre, nyheitsoppdaterer seg med tredje og vekkjer borna med det fjerde, kommenterer stories med det femte, heller mjølk i koppen med det sjette og trykker like med det sjuande.

Sondre H. Bjørgum spør: Kva far skal ein vera for sine små og store? Kor mange fedre kan far vera? Og kva skjer med ein far som ikkje virker lenger?
Ein far til overs er eit angreps- og forsvarsskriv for far.

«Denne diktsamlingen er bare gull - anbefales!» - Hedvig Montgomery

Vis info om boka Skjul info om boka

Nivå Voksen
Utgitt 2022
ISBN 9788203394423
Format Ebok
Språk Nynorsk
Salgsdato 29.08.2022
Emne Skjønnlitteratur Fedre Lyrikk
Sondre H. Bjørgum

Sondre H. Bjørgum

Sondre Hallvardson Bjørgum vaks opp i Hardanger. Han arbeider som dokumentarfilmskapar, samlar på setningar og bur i Oslo med Rikke og deira to born.

Les mer