Ei natt i Nordmarka

Velg format

299 kr
Kommer for salg
02.10.2026
ISBN
9788203463174
  • Papirbøker sendes innen 2 virkedager
  • Ebøker kan sendes til Kindle
Ein sommardag dreg ein far med seg dei to barna sine på overnattingstur i Nordmarka. Det er meldt fint vêr, og dei pakkar sekkane og set seg på syklane. Utflukta vil gjere dei godt, sjølv om faren ikkje har vore seg sjølv i det siste.

Men heller ikkje skogen er som han bruker å vere. Vegane er brattare, trea høgare, vatna djupare og stiane har delvis forsvunne. Og så er det den framande i hytta like ved, han som ikkje lèt dei vere i fred. Snart er natta på veg, og mørket trengjer seg på. Det gjer også den framande.

Ei natt i Nordmarka er ei urovekkande forteljing om frykta for eins eigne svakaste sider. For kva skjer når det du må beskytte barna dine mot, er deg sjølv.

Vis info om boka Skjul info om boka

Nivå Voksen
Utgitt 2026
ISBN 9788203463174
Format Ebok
Språk Nynorsk
Emne Skjønnlitteratur
Lars Petter Sveen

Lars Petter Sveen

Lars Petter Sveen (f. 1981) er frå Fræna i Møre og Romsdal, men bur i Oslo. Han er tidlegare elev på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han fekk Tarjei Vesaas' debutantstipend, Aschehougs debutantstipend og Sunnmørsprisen for debutboka Køyre frå Fræna (2008). Da Jo Nesbø fekk Den norske lesarprisen i 2008, ga han tilleggsprisen på kr 50 000 - som skal gå til «ein lovande norsk forfattar» - til Sveen. Også for si andre bok, romanen Eg kjem tilbake (2011), fekk han glitrande kritikkar.

Guds barn (2014) var den tredje boka hans og eit litterært gjenombrot. Kritikkane var framifrå, og romanen er solgt til Danmark, Sverige, Frankrike, USA og Kina. For boka fekk han blant anna Sultprisen, Per O. Enquist pris 2016, Nynorsk litteraturpris 2014 og Jan Roar Leikvolls minnepris 2015 - romanen var nominert til Kritikarprisen for beste vaksenbok 2014, til Ungdommens kritikarpris, Natt & Dags Oslopris og P2-lyttaranes romanpris samt til IMPAC Dublin Literary Award 2020.

Sveen har skrive fleire romanar om erfaringa og kjenslene til enkeltindivid ramma av urett og katastrofar. Romanane Fem stjerner (2017) og Fem skuggar (2018) skildrar fem ungdommar på flukt fra Somalia mot Europa og Norge. Nordriket fra 2020 handlar om ein brutal geriljakrig i eit oppdikta land. Alle romanene har fått svært gode omtaler.

Hausten 2022 er han aktuell med si første sakprosabok, Kunsten å stamme - uten at noen merker det.

Lars Petter Sveen har mottatt Mads Wiel Nygaards legat 2014 for sitt forfattarskap, han ble tildelt Bokhandelens forfatterstipend 2014 - og var blant dei ti fremste unge, norske forfattarane kåra av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival i 2015. Les mer
test test