Bla i boken

Eg kjem tilbake

Velg format

189 kr
På lager
ISBN
9788203393600
  • Papirbøker sendes innen 2 virkedager
  • Ebøker kan sendes til Kindle
Då ein framand blir tatt til fange og ført til byen kor Lied bur, er det som han vaknar frå ein lang søvn. Lied bryt opp og gir seg ut på jakt etter si eiga historie.

"Ein sommarkveld himmelen hadde hatt striper i seg, og han sat ved glaset og såg dei komme gjennom graset. Faren stod utanfor, pistolen låg gøymt på toppen av skapet ved døra. Han drog med seg ein krakk bort, klatra opp og løfta pistolen ned, vendte seg mot døra og ropte far, og i det same kom lyden av skot inn til han."

"Eg kjem tilbake" er ein roman som skil seg ut frå kva ein er vant med å lese i norsk samtidsprosa. Tarjei Vesaas debutantprisvinnar Lars Petter Sveen har skrive ei actionfylt historie som trekk vekslar på westernsjangeren. Det er ei fortelling som på same tid er skremmande og vakker, brutal og vanskeleg, og som prøver å vise kva menneske er i stand til. Med eit språk som er poetisk og effektivt, er "Eg kjem tilbake" først og fremst ei drivande og spennande bok.

Vis info om boka Skjul info om boka

Nivå Voksen
Utgitt 2022
ISBN 9788203393600
Format Lydbok (nedlastbar)
Språk Nynorsk
Salgsdato 13.05.2022
Emne Romaner Skjønnlitteratur
Lest av Anderz Eide
Lars Petter Sveen

Lars Petter Sveen

Lars Petter Sveen (f. 1981) er frå Fræna i Møre og Romsdal, men bur i Oslo. Han er tidlegare elev på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han fekk Tarjei Vesaas' debutantstipend, Aschehougs debutantstipend og Sunnmørsprisen for debutboka Køyre frå Fræna (2008). Da Jo Nesbø fekk Den norske lesarprisen i 2008, ga han tilleggsprisen på kr 50 000 - som skal gå til «ein lovande norsk forfattar» - til Sveen. Også for si andre bok, romanen Eg kjem tilbake (2011), fekk han glitrande kritikkar.

Guds barn (2014) var den tredje boka hans og eit litterært gjenombrot. Kritikkane var framifrå, og romanen er solgt til Danmark, Sverige, Frankrike, USA og Kina. For boka fekk han blant anna Sultprisen, Per O. Enquist pris 2016, Nynorsk litteraturpris 2014 og Jan Roar Leikvolls minnepris 2015 - romanen var nominert til Kritikarprisen for beste vaksenbok 2014, til Ungdommens kritikarpris, Natt & Dags Oslopris og P2-lyttaranes romanpris samt til IMPAC Dublin Literary Award 2020.

Sveen har skrive fleire romanar om erfaringa og kjenslene til enkeltindivid ramma av urett og katastrofar. Romanane Fem stjerner (2017) og Fem skuggar (2018) skildrar fem ungdommar på flukt fra Somalia mot Europa og Norge. Nordriket fra 2020 handlar om ein brutal geriljakrig i eit oppdikta land. Alle romanene har fått svært gode omtaler.

Hausten 2022 er han aktuell med si første sakprosabok, Kunsten å stamme - uten at noen merker det.

Lars Petter Sveen har mottatt Mads Wiel Nygaards legat 2014 for sitt forfattarskap, han ble tildelt Bokhandelens forfatterstipend 2014 - og var blant dei ti fremste unge, norske forfattarane kåra av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival i 2015. Les mer