Dødsbu

dikt

Velg format

179 kr
På lager
ISBN
9788203368639
  • Papirbøker sendes innen 2 virkedager
  • Ebøker kan sendes til Kindle
Han reiste frå ei levande bygd på norskekysten, med sjarkar og fisk og bilete på veggene av båtar og menn. Eit halvt liv seinare vender han tilbake fordi nokon er død. Bygda er ikkje som før - eller er det han som ikkje er det? Kva gjer tida med
menneske og stader, landskap og næringsvegar? Kva blir borte? Kva held stand? Og kva går over i noko anna?

Dødsbu er ei bok om det ein arvar og dei ein arvar det frå, det ein var og det ein er - og om kvifor ting ikkje berre få kan vere slik dei aldri har vore.

Kan hende eg såg deg frå sida
den dagen - såg deg sjå opp
utan å sjå heile biletet

«Merk den fine balansen mellom kulturskildringa og det spesifikke (...) dei [dikta] er skrivne med ei stødig hand som veit kva ho gjer.» Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen

«Uvanleg sterk norsk diktdebut med ramsalte bilete frå eit blåsande øysamfunn og eksistensielle spørsmål om liv og død.» Knut Ødegård, Vårt Land

«Dikta til Øyvind Rangøy verkar mogne og kombinerer ein sterk rytmisk impuls med ei fascinerande biletskapande evne.» Sindre Ekrheim, Dag og Tid

«Rangøy skriv med varmt hjarte og skarpt, om enn nostalgisk, blikk om ein liten plass på norskekysten. Det gjer han i eit språk som er slåande presist og vakkert.» Anne Cathrine Straume, NRK

Vis info om boka Skjul info om boka

Nivå Voksen
Utgitt 2021
ISBN 9788203368639
Format Ebok
Språk Nynorsk
Salgsdato 05.07.2021
Emne Skjønnlitteratur Lyrikk
Øyvind Rangøy

Øyvind Rangøy

Øyvind Rangøy (f. 1979) er omsetjar, translatør og universitetslektor, utdanna estiskfilolog og master i nynorsk skriftkultur. I ti år var han kvalitetsleiar ved eit lakseslakteri.

I 2019 debuterte han med diktsamlinga Sisikond (innvolar) på estisk. For debuten fekk han Betti Alver-prisen, tilsvarande Tarjei Vesaas' debutantpris her i Noreg.

Dødsbu er Rangøys første bok på norsk. Les mer

Artikler

Bli kjent med debutant Øyvind Rangøy

Øyvind Rangøy debuterer denne høsten med "Dødsbu"
Les mer