Dei døde er her og spør etter meg

Velg format

289 kr
Kommer for salg
14.02.2025
ISBN
9788203455513
  • Papirbøker sendes innen 2 virkedager
  • Ebøker kan sendes til Kindle
I Oddbjørn Birkeland si fjerde diktsamling er det døden sjølv som er hovudpersonen. Døden legg nærværet sitt over det skrivande eg-et, og resultatet er ein finstemd song. Døden, som både bor i diktar-eget og nærmar seg utanfrå, lèt eg-et få auge på seg sjølv som levande. Her er ikkje dei gamle og dei døde gravlagde og gløymde, dei går igjen blant sine etterletne, på sine eigne stader. Der rotar dei rundt i dei kvardagslege interiøra sine, eller går turar blant sauene i audslege landskap ein stad på Høg-Jæren i Rogaland.

I kontrasten mellom det store og det lille, det abstrakte og det konkrete - og innimellom det absurde og galgenhumoristiske - kjem døden fram som ei forvandlande kraft, som langsamt overtek. Slik regisserer diktar-eget nærast sin eigen død, der ein til slutt kan ane konturane av ein personleg framtid.

Vis info om boka Skjul info om boka

Nivå Voksen
Utgitt 2025
ISBN 9788203455513
Format Ebok
Språk Bokmål
Emne Skjønnlitteratur
Oddbjørn Birkeland

Oddbjørn Birkeland

Oddbjørn Birkeland (f.1949) kjem frå Bjerkreim i Rogaland, og bur på Østerås i Bærum. Han har tidlegare utgjeve diktsamlingane På bagsidå av steinane e de heilt stilt (2013), Eurydike snur (2019) og Ikkje bare ei mor (2022). Dei døde er er og spør etter meg kjem våren 2025. Les mer