Skinliv

Kommer for salg
19.03.2021
ISBN
9788203268069
Innbundet
kr 379,-

Detaljert informasjon

  • ISBN: 9788203268069
  • Språk: nno
Astrid, Cecilie og Bjørn bur i same bygard i Oslo. Dei glir inn og ut av einannans liv og lagar seg førestillingar om kven dei andre er, samtidig slit dei med å sjå seg sjølve.

Cecilie får stadig viktigare oppgåver i partiet ho jobbar i, men har ikkje trua på at ho er god nok. Ho er redd ho heller ikkje duger som mor, når eksen ønsker å ta over omsorga for sonen. Astrid slit med panikkangst og eit anstrengt forhold til eigen kropp, og ho synest det er lettare å halde folk på avstand og ta sorgene på forskot. Bjørn blei offer for ei alvorleg skulding for mange år sidan. Når sonen til Cecilie oppsøker han, aner han ein ny start. Eller skal det nok ein gong gå gale?

Kven er vi for dei andre, kven er vi for oss sjølve, kven er dei andre for oss?
Vis mer informasjon om boka… Vis mindre informasjon om boka…
Oda Malmin

Oda Malmin

Oda Malmin (f. 1987) er frå Stavanger og bur i Oslo. Ho debuterte med romanen Steinauge i 2018, som ho fekk Aschehougs debutantstipend for, og som blei nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris.

Om Steinauge (2018):

Nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris 2018: «en velkomponert roman»

Vinnar av Aschehougs debutantstipend 2018. Frå juryens grunngiving: «Steinauge kjennetegnes ved et særegent og sikkert språk, og en knapp, lydhør og poetisk fortellemåte. Hovedpersonene blir også ivaretatt med en sjelden varhet og åpenhet. Portrettet Oda Malmin tegner av de to kvinnene, er usedvanlig nært og varmt.»

«En historie med mange tråder, ja, til tross for sine 190 sider er det et helt epos. Sanselig og vakkert og med uforglemmelige situasjoner. Spør noen meg, var dette fjorårets sterkeste debut.» Jan Kjærstad, VG

«... heilt frå første setning kjenner ein seg i trygge hender, for Malmin skriv godt på ein ujålete måte, med naturleg autoritet. ... den kontante stilen i dei nynorske setningane og den knappe, men poetiske måten å vise indre stemningar på, får meg også til å tenkje på Olav Duun.» Merete Røsvik, Klassekampen

«... en av fjorårets fineste debuter ... Malmin utviser (...) en narrativ tydelighet sjelden for norske debutanter. ... I Steinauge finnes ikke en eneste overflødig skildring. ... Det skal en dreven forfatter til for å sette pennen mot noe sånt og gjøre det tydelig.» Kenneth Moe, Aftenposten

«Selv om innholdet vekker vemod, ligger lyset og optimismen hele veien på lur. ... Forfatterens nynorsk er både velklingende og hverdagslig og spekket med poetiske bilder ... Det lille verket åpenbarer en liten perle inni omslaget med det steinbaserte janusansiktet, og jeg anbefaler den gjerne.» (terningkast 5) Frøydis Finstad Gundersen, Hamar Arbeiderblad

Mer om forfatteren