Dødsbu

På lager
ISBN
9788203368622
Pocket
kr 299,-

Detaljert informasjon

  • ISBN: 9788203368622
  • Salgsdato: 29.07.2021
  • Språk: Nynorsk
  • Sider: 79
Han reiste frå ei levande bygd på norskekysten, med sjarkar og fisk og bilete på veggene av båtar og menn. Eit halvt liv seinare vender han tilbake fordi nokon er død. Bygda er ikkje som før - eller er det han som ikkje er det? Kva gjer tida med
menneske og stader, landskap og næringsvegar? Kva blir borte? Kva held stand? Og kva går over i noko anna?

Dødsbu er ei bok om det ein arvar og dei ein arvar det frå, det ein var og det ein er - og om kvifor ting ikkje berre få kan vere slik dei aldri har vore.

Kan hende eg såg deg frå sida
den dagen - såg deg sjå opp
utan å sjå heile biletet

«Merk den fine balansen mellom kulturskildringa og det spesifikke (...) dei [dikta] er skrivne med ei stødig hand som veit kva ho gjer.» Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen

«Uvanleg sterk norsk diktdebut med ramsalte bilete frå eit blåsande øysamfunn og eksistensielle spørsmål om liv og død.» Knut Ødegård, Vårt Land
Vis mer informasjon om boka… Vis mindre informasjon om boka…
Øyvind Rangøy

Øyvind Rangøy

Øyvind Rangøy (f. 1979) er omsetjar, translatør og universitetslektor, utdanna estiskfilolog og master i nynorsk skriftkultur. I ti år var han kvalitetsleiar ved eit lakseslakteri.

I 2019 debuterte han med diktsamlinga Sisikond (innvolar) på estisk. For debuten fekk han Betti Alver-prisen, tilsvarande Tarjei Vesaas' debutantpris her i Noreg.

Dødsbu er Rangøys første bok på norsk.
Mer om forfatteren